Første snøen kom her hjå oss for nokre veker sidan,
og for mange betyr det stress og kav og stor irritasjon,
og for mange betyr det stress og kav og stor irritasjon,
men for meg er det omvendt.
For meg betyr snøen ro og fred,
og at eg MÅ stresse ned
og ta meg god tid :)
Det vart endeleg litt lyst att også når snøen kom,
og det er så godt, for no var det blitt
ganske så mørkt ute, synest eg!
Her hjå oss låg ikkje snøen så lenge,
no er det regn og mildvèr att,
men eg prøver å halda på roen eg fekk hjå snøen ei stund til,
og håpar den snart kjem att,
så det vert litt meir julestemning no som det nærmar seg advent :)
Her hjå oss låg ikkje snøen så lenge,
no er det regn og mildvèr att,
men eg prøver å halda på roen eg fekk hjå snøen ei stund til,
og håpar den snart kjem att,
så det vert litt meir julestemning no som det nærmar seg advent :)
Når trekkfuglar har trekt mot sør
og blad falle av trea
Når me har tatt fram lykt, refleks
og alle varme kleda
Når snøen legg sitt teppe over
hus og mark og bed
Då breier det seg over meg
ein fell av ro og fred
Eg tek meg mykje betre tid
med alt eg skal ha gjort
Når snøen den er komen,
då treng ingenting gå fort
Tusenvis av diamantar
var strødd utover heile landskapet
då eg vakna.
var strødd utover heile landskapet
då eg vakna.
På kvar bø og bakke, kvart hus,
på bilar, buskar og tre
glitrar det så fint.
på bilar, buskar og tre
glitrar det så fint.
Snart kjem det bleike, vene morgonljoset
over åsen for å losa meg
gjennom dagen.
over åsen for å losa meg
gjennom dagen.
Stille, stille
snø, snø
enno kviler
lite frø
stille, stille
kvitt, kvitt
snøfnugg dalar
tett og fritt
stille, stille
kaldt, kaldt
snøen legg seg
overalt
stille, stille
tyst, tyst
frosten har
mi rute kysst
stille, stille
ro, ro
verda verkar
stille no
***
The snow arrived, and for many this means tons of stress and irritation,
for me, though, it's the opposite.
To me the snow means peace and calm,
and that I HAVE TO stress down, take it easy and
take more time :)
Also some of the light returned with the snow,
which is good, as it's actually pretty dark outside these days.
The snow didn't stay for long,
now it's rainy and mild weather again,
but I try to hold on to the calm feeling I got from the snow
just a little while longer,
and hope the snow will return soon
to give some Christmas spirit for the upcoming Advent :)
( I do try to get better at translating poems...)
When migrating birds have flown to the south
and the leaves fallen down to the ground
When our lanterns, our most warmest clothes
and safety reflectors from the attic we've found
When the snow lays it's blanket upon
every house, every field, every road and tree
A plaid made of peace and serenity
sofly and gently envelops me
I suddenly tend to spend much longer time
doing things that I need to have done
When the snow has arrived and the winter is here,
all my hurries they seem to have gone
Thousands of diamonds
were sprinkled all over the landscape
when I woke this morning.
On every field and hill, every house,
upon cars, bushes and trees
it twinkles so prettily.
Soon the pale, beautiful morning light
will get over the hill to guide me
through the day
Quiet, quiet
snow, snow
seeds they rest
in earth below
Quiet, quiet
white, white
snowflakes fall
so free and light
Quiet, quiet
cold, cold
snow will cover
over all
Quiet, quiet
hush, hush
Frost rose kissing,
windows blush
Quiet, quiet
calm, calm
The world will sing
a peaceful psalm