Showing posts with label diet. Show all posts
Showing posts with label diet. Show all posts

Tuesday, November 18, 2014

Nesten heimelaga


Pizza er mogelegvis yndlingsretten min. 
Det er iallfall den retten eg ofte opplever at eg har uante mengder av magerom for. 

Grunna svangerskapsdiabetes er det mykje godt eg ikkje kan eta, men heldigvis er pizza på ja-lista - så lenge deigen er av fullkorn og det oppå er sunne greier. Og det er det jo!! 

Før du skulle tenka at eg no er ei sånn flink superhusmor som lagar alt frå botnen av og dagleg tryllar fram sunne og velamakande rettar, må eg stoppa deg. 
Eg trålar riktignok med jevne mellomrom bloggane til andre superhusmødre, og prøver å laga det lekre og sunne dei lagar, med variabelt hell. 
For å vera heilt ærleg, så har ein del hamna rett i bosset, så dårleg var det. 
(Og eg trur ikkje det var oppskrifta det var noko i vegen med, det var nok mine 'kjøkenskills')

Så, no kan eg avsløra at denne pizzaen faktisk er laga med kjøpedeig, men fullkornsdeig i det minste, så det er vel og bra. Kjøtdeigen er utan tilsett vatn og salt, så det er også vel og bra. Men eg sette sjølv til vanleg grovkverna pepar og alminneleg salt (ikkje verken Maldonsalt eller grovt havsalt, nei), heilt vanleg ketchup 
(verken den utan sukker eller heimelaga der heller. Huff og huff!) og (hald deg fast:) tørka oregano; ikkje fersk frå krydderurtekrukka i vindauget, som eg burde.

Veit ikkje om det er betre med grønsakene (eller er nokre av dei frukt no? Eg klarar ikkje følgja med!) For det var heilt alminneleg lauk, paprika, sjampingjong og tomatar. 
Rettnok ferske men ikkje verken heimedyrka eller utprega økologiske. 
Rystande, eg veit det.
Men eg skar dei no opp sjølv, i det minste :)
 På toppen hadde eg ferdigraspa pizzaost, rett frå pakka (GISP!)

Jepp, sånn er det for oss som ikkje akkurat er velsigna med superhusmor-genet.

Og pizzaen? Den var KJEMPEGOD!!


Ha ein framleis fin dag!!

Thursday, January 2, 2014

Veging *** Weighing

Eg vog meg i dag, og det vart då klart at eine målet mitt er å gå ned 10 kg. Utan tvil.

Det andre er at eg vil koma i ein nydeleg blå kjole eg vil gå med i bryllupet til bror min i mai.
Kjolen vart sydd til meg for 15 år sidan, til eit bryllup i Texas, der eg var brudepike :)
Eg er så glad i den kjolen, at den var modell for brudekjolen eg gifta meg i Jonsokafta 2012 :)

Føler eg er på god veg allereie; til frukost åt eg ein avocado og eit kokt egg med majones.
Til lunsj var det også ein avocado og eit kokt egg. 
Kunne godt tenkt meg rømme på, men det gløymde eg heime.
Hadde ein ekstra lunsj med min kjære nokre timar etter det, då var det salat med reker,
og til middag var det heimelaga kjøttkaker 
(som husbonden laga i går, han er så flink!) med grønsaker.
Nam-nam! :)

I morgon skal du få sjå korleis det vart då niesa mi på 3,5 år og eg skulle laga barbiedokkehus ;)



I weighed myself today, and it became very clear 
that one of my goals is to lose 10 kilos (about 22 lbs). Without a doubt.

My other goal is to get into a beautiful blue dress I want to wear to my brother's wedding i May.
The dress was made for me 15 years ago, for a wedding in Texas, where I was a bridesmaid :)
I love that dress so much, it was model for my wedding gown, 
which I wore at my wedding at Midsummer night 2012 :)

I feel I'm already getting there, for breakfast I ate and avocado and a boiled egg with mayonnese.
For lunch I also ate and avocado and a boiled egg. Would have liked some sour cream on it too, but I forgot it at home.
Had an extra lunch with my darling husband a few hours later, which was a salad with schrimp,
and for dinner it was homemade meatballs
(my husband made them yesterday, he's so good!) with vegetables.
Yum-yum!

Tomorrow you'll get to see the dollhouse my 3,5 year old niece and I made for the Barbiedolls :)

Wednesday, January 1, 2014

Eit nytt år - eit nytt liv *** A new year - a new life

Eine svigerinna mi spurte meg litlejulafta om me skulle starta det nye året med å vera snopefrie, og det synest eg var ein god idé, særleg fordi eg lenge har trengt eit spark bak til å byrja eit sunnare liv. 

For 2 år sidan gjekk eg på lavkarbo, og gjekk ned 7 kg. Det var eg sjølvsagt veldig nøgd med, men ettersom eg smått om senn åt meir og meir karbo att, kom kiloane snikande på att litt etter litt.
Dette har eg vore misnøgd med, men har ikkje heilt hatt motivasjonen til å ta opp att kampen.

Eg var veldig usikker på å byrja att på lavkarbo, då undersøkingar viste at lavkarbo kunne føra til alvorlege hjarteproblem pga fettinntaket, og diskuterte dette med legen min.
Ho meinte at det ikkje burde vera noko problem om ein passa på kva type fett og kor mykje fett ein fekk i seg, og samstundes brukte sunn fornuft. 

Det er også ein annan spesiell grunn til at eg vil bruka eit lavkarbo-kosthald, og det er fordi eg har PCO, og lavkarbo eller liknande kosthald har vist seg gunstig for andre med PCO/PCOS.

(Lurar du på kva dette er, kan du lesa her, her og her)

Så no har det nye livet byrja, med lite karbo'ar i dag, ein god tur og lån av kokebøker :)
og lest litt om steinalderkosthald/paleo o.l., så no er eg klar! 

Heia meg!


My sister-in-law asked me the day before Christmas Eve if we should start the new year being candy-free, and I thought it was a great idea , especially because I have long needed a kick behind to begin a healthier life.

Two years ago I went on a low-carb diet , and lost 7 kg. I was, of course, very happy with this, but as I slowly started eating more and more carbs again, the weight came creeping upon me again, little by little. This I have been dissatisfied with , 
but have not quite had the motivation to take up the fight again .I was very unsure about starting with low carb high fat again, as surveys showed that LCHF could lead to serious heart problems due to fat intake, and discussed this with my doctor .She believed that it should not be a problem, as long as I was cautious about how much and what kind of fat I ate, and simultaneously used common sense.There is also another particular reason why I would use a low-carb - diet , and that is because I have PCOS and low-carb or similar diets have proven beneficial to others with PCO / PCOS .( If you're wondering what this is, you can read here and here)So today my new life has begun, with very little carbs, a good walk and a loan of cookbooks :)On Pinterest , I have found several exciting recipes, and have read a little about the Stone Age / Paleo diet etc. , so now I'm ready!Go me !