Showing posts with label gåver. Show all posts
Showing posts with label gåver. Show all posts

Saturday, April 13, 2013

Ei roleg helg *** A slow weekend


Det vart ei roleg helg på oss denne helga,
eller i alle fall meg ;)

Har vore litt lite energi å gå på i det siste, så det har gått mest i hekling.


Eg har hekla pulsvarmarar til dei yngste niesene
i eit fint garn eg fann forrige veke,
håpar dei fell i smak :)


Det vart også litt dulling i hagen
med nydelege stemorsblomar,
og til dessert vart det jordbær :)

God helg til alle! :)


***


This has been more of a slow weekend for us,
or at least for me ;)

I've been low on energy lately,
and crocheting has been my main activity.

I've crocheted wristwarmers for our youngest nieces,
using a pretty yarn I found las week,
and I hope they like them :)

I also enjoyed making the garden more cozy
with beautiful violets,
and for dessert we had strawberries :)

A good weekend to you all! :)

Saturday, March 2, 2013

Bursdag og snart vår!!

Har hatt ein liten pause på denne bloggen, 
men har fått litt meir inn på diktbloggen i staden, så eg har ikkje vore HEILT 'av'! :)

I februar hadde eg bursdag, og fekk mange flotte gåver!

Bøker, poncho, roser, evighetskalender, luktelys, og 
(det eg gløymde å avbilda i farten:) konfektformer, pudder, natt- og dagkrem :)
Er SÆRS nøgd!!! (TUUUSEN TUSEN TAKK!!)
Eg har VERDAS  BESTE familie og vener!!


Noko anna som er bra med februarer at våren byrjar så smått å koma.
Eg har alltid vore glad i våren, og etter eg fekk eigen heim og hage,
har påska vorte ei stor vårfeiring for meg, for då byrjar eg å stelle i hagen.

I år har eg tjuvstarta litt på våren, 
tatt inn seljegreiner i håp om at pusekattane kjem fortare,
og ein blome har fått ny heimelaga potte :)


 I år har eg også prøvd meg på dekorering av egg,
og fekk hjelp av ei flink niese til å blåse dei, for det hadde eg ikkje prøvd før.
Det var knallgøy, og det vart både søl og mykje latter!

Våre brune høns legg (naturleg nok) brune egg,
så nokre av egga måtte me måla først, for at serviettdecoupagen skulle verta fin.


No prøver eg å få byta til meg kvite egg,
så det kjem nok fleire egg-prosjekt her!!
Pyntar også påskeegg (sånne til snop), så 'stay tuned'!! :)



***



I've had a small break from this blog,
but have posted more on my poetryblog (will also try to translate more), 
so I haven't been COMPLETELY 'off'! :)

February is my birthday month, and I got many great presents!

Books, poncho, roses, perpetual calender, scented candles and (what I forgot to photograph while I was at it:) silicone chocolate moulds, face powder, night- and day cream :)
Am VERY happy!!! (THANK Y'ALL SO MUCH!!)
I have the BEST family and friends!!
Another good thing about February, is the start of spring.
I've always been fond of the springtime, and after I got my own home and garden,
Easter has become a great celebration of spring for me, as I start tending to my garden then.

This year I've started a little ahead of spring,
and I've taken some twigs of the Goat Willow indoors, hoping to see early catkins,
and one of my indoor plants got a new DIY flowepot :)


I've also tried decorating eggs this year,
and got help from a skilled niece, as I hadn't tried it before.
It was loads of fun, and there were both lots of spillage and laughter!

Our brown hens lay (naturally) brown eggs,
which means some of them had to be painted first, for the decoupage to look nice.
I try exchanging my brown eggs for white ones these days,
which means there will be more egg-projects coming up!!

Have also started decorating Easter-eggs (for candy), 
so 'stay tuned' for more Easter/Spring updates!:)

Saturday, September 8, 2012

Medisin

Siste halvanna - to vekene har eg hatt stygg hoste og vore forkjøla,
 men har ikkje hatt feber, så eg har kjørt på som vanleg.

Når ein ikkje har det heilt topp, hjelper det litt å ha det koseleg rundt seg, synest eg,

noko ein får det med dette fine lyset frå Yankeestore
Det kan du vinna på Vintage Interior Blogs viss du skundar deg! :)


Men eg hadde jo ein hoste og forkjøling å verta kvitt,
og i familien har me ulike remediar til dette formålet:
Først byrja eg å bruka Mammo sine råd:


Ho svergar til C-vitaminar og solhatt, og så heiv eg litt hostesaft på i tillegg.

Då det åleine ikkje tok knekken på sjukskapen, 
var Papen sitt medisinråd neste på lista:


Sjøvatn
(skal skyljas gjennom nasa... kan vera litt ubehageleg, men reinskar godt)

Framleis hosta og snufsa eg, så då var det til å prøva min eigen favoritt:


Varm honning med mjølk,
helst i ein fin kopp,
som den nye godkoppen min frå GreenGate :)

Om alle desse hjelper (for no tek eg alle i lag)
det veit eg ikkje, men eg har i alle fall ikkje vorte verre,
men no som me har 'hemmeleg ven'-veke på jobben
og eg fann dette på pulten min fredag, kjende eg meg i alle fall MYKJE betre!:




God helg!! :)


*

The last one and half - two weeks I've had a bad cough and a cold, but as I didn't have any fever or feel ill, I kept going on as usual ;)


When you're not feeling too well, I find it helps with a cozy atmosphere,
which is easy to make with this nice candle from Yankee Candle
and luckily the Vintage Interior Blogs have a Yankee Candle giveaway right now :)

But I still had a cough and a cold to get rid of,
and in our family we have different ways to handle this.
First, I started using my Mom's advice:
She swears to C-vitamins and Echinacea, and I theew in some cough syrup as well.

When this alone didn't get rid of it, Dad's medical advice was next:
Seawater
(to rinse through the nose ... might feel a little uncomfortable but cleans well)

I was still coughing and full of snot, and turned to my own personal favorite:
 Warm milk with honey,
preferably in a nice mug,
like this new favourite of mine from GreenGate :)

I still don't know if all of these treatments work (and I use them all together now)
but at least I've not gotten worse,
but now that we have 'secret friend'-week at work
and I found this on my desk Friday, I absolutely felt A LOT better!:

 Have a nice weekend!! :)