Sunday, March 23, 2014

Klar til påske *** Ready for Easter

I år slo det meg, at om ein kan pynte til jul 4-5 veker før julehelga, 
så kan ein vel pynte til påske nokre veker før også??

I februar venta eg utolmodig på våren,
og tenkte at om den vil venta på seg ute, så kan eg ha vår inne!

Som sagt så gjort; 7 veker før fann eg fram både påskeegga frå Royal Copenhagen 
og egga eg dekorerte sjølv sist påske. 

God vår!! :)







***
This year it accured to me, that if we can decorate for Christmas 4-5 weeks before the holidays, why not decorate for Easter some weeks ahead as well??

In February I waited inpatiently for spring to arrive,
and thought if the spring wouldn't come outside yet, I'd make it happen inside!

So 7 weeks before the Easter holiday I found my Royal Copenhagen eastereggs 
and ones I decorated myself last year. 

Happy spring!! :)

Sunday, March 16, 2014

Krampetrekningar frå kong Vinter *** King Winter's convulsions


Sjølvsagt må Vinteren tøffa seg litt før han gjev heilt slepp,
men eg ser at det meste har regna vekk i løpet av dagen.



Han er seigliva, men gamal.
Seint i haust var han ung,
over nyttår i sin beste alder -
men snart er tida ute for den gamle.

Han klamrar seg fast,
gjev oss tilsynelatande uprovosert
snøfall, sludd eller hagl -
berre for å visa at han framleis kan

Desperat kjempar han mot sola
som vinn meir og meir tid
kvar dag

Så snart sola er vekk om dagen,
plantar han nye frostroser der han kan,
men græt sine modige tårer
allereie neste dag

Det flotte skiføret er blitt til skaresnø eller slaps,
skøyteisen er morken og møyr,
og snart har han runne heilt vekk.
Men når Hausten ein gong andar ut,
vert Vinteren fødd på ny






***

Of course old Winter has to be rowdyish before he lets go,
but most of it has rained away during the day.


He’s tenacious, but old.
In the late autumn he was young,
past New Year in his prime -
but soon time’s up for the Old One.

He is still clinging,
giving us apparently unprovoked
snowfall, sleet or hail - 
just to show us he still can

He desperately fights the sun
who’s winning more and more time
each day

As soon as the sun sets
he’s planting new frost roses wherever he can,
but cries his courageous tears
the following day 

The great ski conditions have turned into crust or slush,
the skating ice is fragile and tender,
and will soon have melted away completely.
but when the Autumn ultimately exhales,
the Winter will be born again

Sunday, March 9, 2014

Søndagsdessert *** Sunday dessert

På ein sundag med surt ver som dette vart,
ville eg gjera husbonden glad og laga dessert.

I frysaren har me masse plommer som me fekk i haust hjå ein ven av foreldra mine,
og då me fekk plommene i haust, laga nevøen min og eg syltetøy.
Det var veldig godt :)


I dag ville eg diska opp med plommekompott,
og tok opp plommer som vart lagt til tining foran ovnen.


Oppskrifta er som følgjer.

  • 15 plommer (eg tok alle i posen, trur det var vel 40)
  • 100 g sukker
  • 1/2 dl kvitvin
  • 1 ms potemjøl
  • 2 ms kaldt vatn

Del plommene, fjern steinen og del fruktkjøtet i bitar.

 Ha plommene i ei panne, hell på kvitvin og sukker og la de koka opp.
Så skal det småkoka vidare i 10 minutt til plommene er møre.

Ta panna av plata.
Rør ut potemjølet i vatn og hell det forsiktig i pannakjelen medan du rører.
Plommekompotten må ikkje koka etter at jevninga har kome i.



La kompotten avkjøla litt før servering,
med mindre du likar den rykande varm, sjølvsagt ;)

Eg blanda også i litt heimelaga vaniljesukker (tusen takk, Storesøster!!)
før servering, og hadde på krem.

Nam - nam!!


***

On a Sunday like this, with such cold, wet weather,
I wanted to make my husband happy and make dessert.

In the  freezer we have lots of plums given to us by a friend of my parents.
When we got them earlier in the fall, my nephew and I made plum jam,
and it was very tasty :)

Today I wanted to make compote of plum,
and let the plums defrost in front of the heater before cooking.

The recipe is as follows:
  •      15 plums (I took all in the bag, think it was about 40)
  •      100 grams sugar
  •      1/2 cup White Wine
  •      1 tbsp potato starch
  •      2 tbsp cold water

Remove the plum stones and cut the plums into smaller pieces.

 Put the plums in a saucepan, pour the white wine and sugar in and let them boil.
Them simmer for about 10 minutes until the plums are tender.

Take the saucepan off the stove.
Mix the potato starch with the water and por it gently into the saucepan while stirring.
The plum compote must not boil after the thickening is added.

Let the compote cool before serving,
unless you like it steaming hot, of course ;)

I also sprinkled over some home made vanilla sugar (Thank you, Big Sister!!)
before serving, and added whipped cream.

Yum - yum!!

Saturday, March 8, 2014

Trefelling og vårteikn *** Chopping of trees and signs of spring

Denne veka har husbonden felt tre,

 

og det i seg sjølv er eit vårteikn, 


 men nokre av dei var seljer, og fine pusekattar på greinene
var eit ekstra oppmuntrande vårteikn!


Andre vårteikn i hagen er spirande påskeliljer, 


krokus,


nyperoser,


solbærbusk (Denne heiter forresten Kristin),


og snøklokker


Nokre seljegreiner kom inn i stova saman med ein bukett tulipanar.


Er det ikkje herleg??
Ah, eg ELSKAR våren!!

Gratulerer med dagen, medsøstre! :)


***

My husband has chopped down trees this week, 
 which is a sign of spring in itself, 
but some of them were willows,
and the pussy willows were some very encouraging signs of spring!

Other signs in the garden are budding daffodils, 
crocuses, 
rosehips,  
black currants (this one is called Kristin, by the way) 
and snowdrops.

I brought some willow branches inside with a bouquet of tulips.

Isn't it wonderful??
Ah, I LOVE the spring!!

Happy Women's day, sisters! :)