Sunday, August 4, 2013

Støvelbustad *** Rain boot house

Ein regnvèrsdag eg romstert ei hagen
hadde det runne vatn frå regnkåpa mi oppi støvlane,
og eg måtte setje dei under terrassen for at dei skulle tørke skikkeleg.
Då eg skulle sjekka om dei var tørre att,
hadde ein liten krabat flytta inn!!


Han var så liten og søt at han fekk vera der,
og eg fann meg eit par andre støvlar ;)


*

One rainy day I was tumbling round in the garden,
 the water had poured from my rain coat into my boots
and I had to put them under the terrace in order to get them dried up.
When I went to check if they were dry, 
a little guy had moved in!!

He was so tiny and cute I let him stay
and found another pair of boots instead ;)

Thursday, June 27, 2013

Blomane til Oldebesto *** The flowers for Great Grandma

Eg hugsar eg skulle plukka blomar til Oldebesto Ida ein gong.
Eg plukka ein stor bukett av dei vakraste blomane eg fann,
ein så stor bukett som ein 4-5 åring kan klara å plukka, i alle fall.
  
Eg hugsar fleire av grandtantene vart heilt frå seg, 
tok frå meg blomane og vaska nevane mine grundig,
men alt eg tenkte på var kor buketten til Oldebesto vart av,
for den var jo hennar, og eg syntest blomane eg hadde funne var så nydelege.


Det var då eg lærte at eg ikkje skal plukka revebjølle,
for den er giftig, og det betyr at grandtantene vert heilt frå seg,
og eg ville jo ikkje skremma grandtantene fleire gongar,
eller at dei skulle kasta blomane eg hadde strevd sånn med å plukka.

Eg forsto heller ikkje heilt problemet, 
verken eg eller Oldebesto skulle eta blomane, dei skulle jo vera til pynt!

Men det er fort gjort å for ein liten å ta i noko giftig og så plukka bær eller av ein eller anna grunn få fingrane i munnen, og berre det kan vera livsfarleg for små born.

 Kan ikkje hugsa om eg nokongong plukka blomar til Oldebesto etter det,
eg gjorde det i alle fall ikkje når grandtantene var der, DET hadde eg lært!

Eg synest framleis revebjølla er ein nydeleg blome, og har lyst til å ha den i blomebeda mine, men når me ofte har besøk av søte små som likar å utforske,
vert det berre med tanken...

Denne måtte eg berre ta bilete av, for den har vokse gjennom gjerdet :)




*


I remember picking flowers for my Great Grandma Ida once.
I picked the biggest bouquet of the prettiest flowers I found,
at least as big as a 4-5 year-old could manage to pick anyway.
 
I remember several of my great aunts got upset,
took away my flowers and washed my hands thouroughly,
but all I could think of was where did Great Grandma's bouquet go,
'cause it was hers, and I thought the flowers I had found were so beautiful.

That's when I learned not to pick the foxglove,
because it's poisonous, which means the great aunts get upset,
and I didn't want to upset the great aunts again,
or that they threw away the flowers I had worked so hard to find.

I didn't really get the problem either, 
as neither I nor Great Grandma were going to eat the flowers, 
they were supposed to be for decoration!

But it's easy for someone small to touch something poisonous, for example the foxglove, 
and then pick berries or for some other reason lick or put your fingers in your mouth, 
and that alone can be fatal to small children.
 I can't remember ever picking flowers for Great Grandma after that,
I most certainly didn't when the great aunts were there, THAT I had learned!

I still think the foxglove is a beautiful flower, and would love to have it in my flowerbeds,
but as we often have little ones visiting, who like to explore,
I'll just keep on dreaming...
I just had to take a picture of the one growing through the fence :)

Friday, May 24, 2013

Manulf og den vakre morgonen *** Manulf and the beautiful morning


Her på Vestlandet har det jammen vore skiftande vèr i det siste!
For eit par veker sidan var det snø, og no skiftar det mellom varm sommar 
og kjølig vår nesten annakvar dag.

For to dagar sidan var me på Bon Jovi konsert på Koengen i Bergen, 
og både oss publikum og dei på scenen fraus, men det var eit bra show likevel
(sjølv om eg skulle ønska det varte litt lenger...)

I dag er det nydeleg, og her ser det kor vakkert det er på Festevatnet,
som eg passerer på veg til arbeid :)


På slutten av dagen laga ein elev Manulf til meg,
som skal passa på meg når husbonden er på reisejobb,
er han ikkje søt?

På hjartet står det 
'Til Mailin
Du er snil og grei
frå Manulf'

Herleg!!


Ei god helg til alle!!

***

Here in Western Norway there sure has been a lot of different weather lately!
A couple of weeks ago we had snow, and now it seems to change 
between hot summer and chilly spring every other day.
Two days ago we were at the Bon Jovi koncert at Koengen in Bergen, 
and both us audience and the band were freezing,
but the show was great anyway
(although I do wish they would have played longer...)

Today we have a lovely day, and here Y'all can see how beautiful Lake Feste is,
which I pass each day on  my way to work :)

At the end of the day a student made me Manulf,
who'll take care of me when my husband is on business trips,
isn't he adorable?

On the heart is says:
"To Mailin
You are kind and nice
from Manulf"

Lovely!!

A great weekend to Y'all!!

Saturday, April 13, 2013

Ei roleg helg *** A slow weekend


Det vart ei roleg helg på oss denne helga,
eller i alle fall meg ;)

Har vore litt lite energi å gå på i det siste, så det har gått mest i hekling.


Eg har hekla pulsvarmarar til dei yngste niesene
i eit fint garn eg fann forrige veke,
håpar dei fell i smak :)


Det vart også litt dulling i hagen
med nydelege stemorsblomar,
og til dessert vart det jordbær :)

God helg til alle! :)


***


This has been more of a slow weekend for us,
or at least for me ;)

I've been low on energy lately,
and crocheting has been my main activity.

I've crocheted wristwarmers for our youngest nieces,
using a pretty yarn I found las week,
and I hope they like them :)

I also enjoyed making the garden more cozy
with beautiful violets,
and for dessert we had strawberries :)

A good weekend to you all! :)

Sunday, March 31, 2013

Vinter eller vår??

Første halvdel av dagen i dag var det vår ute.
Eg hadde ei flink og arbeidsom niese på besøk
som hjalp meg å raka kvist og gammalt gras,
og me hadde tenkt å så litt blomefrø.

Men kva skjedde utpå ettermiddagen?
Jaudå, tiddelibom, der kom det snø!



Så eg reknar med gamle Vinteren ikkje vil gje heilt slepp,
men visa på den siste dagen i mars at  han framleis kan.




~ Den Gamle ~

Han er seigliva, men gamal.
Seint i haust var han ung,
over nyttår i sin beste alder -
men snart er tida ute for den Gamle.

Han klamrar seg fast,
gjev oss tilsynelatande uprovosert
snøfall, sludd eller hagl -
berre for å visa at han framleis kan

Desperat kjempar han mot sola
som vinn meir og meir tid
kvar dag

Så snart sola er vekk om dagen,
plantar han nye frostroser der han kan,
men græt sine modige tårer
allereie neste dag

Det flotte skiføret er blitt til skaresnø eller slaps,
skøyteisen er morken og møyr,
og snart har han runne heilt vekk.
Men når Hausten ein gong andar ut,
vert Vinteren fødd på ny




Men eg veit at snart må han gje heilt slepp :) 




~ Snart ~

Snart,
snart kjem ljoset tilbake.
Me har byrja få morgonar att,
ikkje berre lange netter.
Framleis har me is og snø,
framleis rådar frosten.

Men snart,
snart rekkjer solstrålane lengre -
gjennom frosten, ned under jorda,
og vil varsamt vekkja dei som søv,
som ventar.

Snart,
snart kjem livet attende.



***
 


Winter or spring??


The first half of today it was springtime.
I had one of our sweet and hard-working nieces visiting 
who helped me rake twigs and old grass,
and we had planned to sow some flower seeds.

But what happened in the afternoon? 
Oh yes, Tiddely-Pom, it started to snow!

So I guess old Winter won't quite let go,
but show on the last day in March that he still can.




~ The Old One ~

He's tenacious, but old.
In the late autumn he was young,
past New Year in his prime -
but soon time's up for the Old One.

He is still clinging,
giving us apparently unprovoked
snowfall, sleet or hail - 
just to show us he still can

He desperately fights the sun
who's winning more and more time
each day

As soon as the sun sets
he's planting new frost roses wherever he can,
but cries his courageous tears
the following day 

The great ski conditions have turned into crust or slush,
the skating ice is fragile and tender,
and will soon have melted away completely.
but when the Autumn ultimately exhales,
the Winter will be born again


 
But I do know he has to finally let go soon ;)



~ Soon ~

Soon,
soon the light will return.
We've started having mornings again,
not just long nights.
Still there's ice and snow,
still the frost reigns.

But soon,
soon the sun rays will reach further -
through the frost, down into the ground,
and will carefully wake the ones who are sleeping,
who are waiting.

Soon,
soon life will return.


Friday, March 29, 2013

PÅSKE! :)

Så var påska over oss med vakkert solskin 
og sjølvsagt påskeegg! ;)

I år ville eg overraska våre søsken, og laga sjokolade og påskeegg til dei :)

Påskeegga er vanlege til kr 1,- på Nille som eg har mala og pynta med serviettdecoupage.
Eg fekk endelig brukt dei fine sjokoladeformene eg fekk hjå husbonden til bursdagen,
og med litt hjelp frå to nieser på 12 og snart 3 vart det ein fin produksjon :)
Det vart også nok til eit eget påskeegg 
(og takk til klubbveninne Vanja for servietten med den nydelege kvite rosa!) !


Her er nærbilete av egga som våre søsken/svigersøsken fekk:


Håpar det smakte!!

*** GOD PÅSKE! ***


***


And then Easter was here, with beautiful sunshine
and Easter eggs, of course! ;)

This year I wanted to surprise our brothers and sisters, 
and made them chocolates and Easter eggs :) 

The Easter eggs were regular ones bought at Nille for NOK 1,- a piece, 
which I've painted and decorated with napkins and decoupage.
I got to try the nice chocolate moulds my husband gave me for my birthday,
and with some help from two nieces of 12 and almost 3 years of age,
we got a nice production! :)

There was even enough for an Easter egg for ourselves 
(and many thanks to my friend Vanja, who gave me the beautiful napkin with the white rose!)

Here you see close-ups of the eggs made for our sisters and brothers.

We hope you liked it!!

*** HAPPY EASTER! ***

Monday, March 18, 2013

Endring i planane ...


Eg veit eg har sagt at eg ikkje skal setje nye blomar i hagen før påske,
men klarte likevel ikkje styra meg og handla inn litt vårblomar
som eg hadde planlagd å setje ut i hagen denne laurdags formiddagen som var.

Trur du det var noko av, med snøen som kom?? 
Nixen bixen! Ingen nye blomar i hagen før sundag ettermiddag!
(I mellomtida hadde me vår skjønne nevø på 13 mnd på besøk <3 )

I staden brukte eg laurdag formiddag på å skifta ut påskeliljene eg tok inn 
for eit par veker sidan, for dei var allereie avblomstra.
Nye påskeliljer, ein tulipan og ei stemor kom i hus og pyntar så fint.
Blomelaukane eg tok inn har byrja å spire,
og den som har kome lengst, trur eg er ein perleblome / Muscari.
Dei andre ser ikkje fullt så ivrige ut enno, men dei kjem kanskje?

Den fine rosa eg fekk hjå sjefen på Kvinnedagen pyntar på salongbordet,
(fekk den levert på døra sidan eg var sjuk)
og eg har framleis eggdilla, som de kan sjå ;)
Desse egga har eg dyppa i kaffi så dei skulle få eit litt meir rustikt preg.

Sundag var all snøen vekke, og om ettermiddagen kom endeleg resten av blomane ut :)
 
Ha ei fin veke!! :)


***

Change of plans ...

I know I've said I won't put any flowers in the garden until Easter,
but then I couldn't quite contain myself,
and bought some spring flowers I planned to put out this past Saturday morning.
Do you think that happened, will all the snow we got??
Nopedy-nope! No new flowers in the garden until Sunday afternoon.

(In the meantime, we had our lovely 13-month old nephew visiting <3 )


Saturday morning I exchanged the daffodils 
I took in the other week, as they were done blooming.
New Daffodils, a tulip and a viola came indoors, and decorate so nicely.
The flower buds I took in has started to sprout,
and the one making the most progress, looks like it might be a Muscari.
The others don't look quite so eager yet, but maybe they'll come later? 
I got the pretty rose from my boss on the International Women's Day,
and it decorates the coffee table,
(it was delivered to my house, as I was home sick that day)
and as you can see, I'm still crazy about eggs ;)

I've dipped these eggs into coffee, to give them a more rustic look.

Sunday the snow was gone, and in the afternoon rest of the flowers 
finally found their place in the garden :)

Have a nice week!! :)