Monday, August 27, 2012

Trolsk og vakkert

Eg hadde tenkt meg tidleg på jobb i dag ..


... og hadde store planar om alt eg skulle førebu til dagen og resten av veka ...

... men så var morgonen så vakker og trolsk .. 


...at eg kom meg ikkje så mykje tidlegare på jobb ...



... men fekk heldigvis tatt desse bileta!!


Ha ei flott veke! :)


*


I left early for work this morning ..
 
... with big plans about preparations to do for the day and rest of the week ...
... but with a morning this beautiful and magical .. 

...I didn't get any earlier to work ...

... instead I got these pretty pictures taken!!


I wish you a great week! :)

Friday, August 24, 2012

Poetisk toalett

Me har eit poetisk toalett,

..og det verkar kanskje sjølvdiggande, sidan det er mine eigne dikt eg har hengt opp,
men ein må jo reklamera litt også, ikkje sant?

På biletet under heng dikta 'Snart', 'Fortvil ikkje' og 'Plass'.

Det var vel mest fordi eg tenkte det ville vera fint å ha noko å lesa på 
viss ein no vart sitjande ei stund, og det vert ein jo nokre gongar.


Først var det dikt av Aslaug Låstad Lygre eg hengte opp, for dei er så fine, 
og så hadde eg kjøpt nokre fine kort med hennar dikt og 
illustrasjonar av Solveig Serigstad Hauge.



Men då kusina mi Vilje Valland Nesse hadde tatt så fine bilete til dikta mine,
ramma eg dei inn og hengte dei opp i staden.

På hylla står diktet 'Så godt

Sauen under er eit smykke laga av keramikaren Liv Nordvik¨,
og den fekk eg då eg song på opninga 
av utstillinga 'Sau - Steingard' på Lyngheisenteret  i 2010.

(Viss du las innlegget mitt som heiter 'Meir stove', kan du sjå biletet av ein sau
på eine hylla i 'hukken', det fekk eg av Laila Gangstad som også utstilte då.)
 

Dikta i hjørnet er 'Vérmelding', 'Sjokolade' og 'Naustet'

Kun eit Låstad Lygre-dikt er att og står på vasken.
Det er 'Morgonbøn', eit vakkert dikt  eg likar veldig godt :)




Skulle ein verta sitjande så lenge at det ikkje vert nok dikt å lesa,
har eg også bladkorg med diverse lesestoff.
Bladkorga er eg veldig kry av, og eg har fått den av svigerfar.
(Trur han lo litt av meg, sidan eg var så begeistra for den)


God helg!! :)

*

We have a poetic toilet / restroom,

..and it might seem like I'm such a fan of myself, 
as it's mostly my own poems I've used, 
but it's a good thing to got to advertise them, isn't it?
 
In the first photo are the poems 'Snart' ('Soon'), 'Fortvil ikkje' ('Don't despair') and 'Plass' ('Space' / 'Room')

I guess it was because I thought it would be nice to have something to read
if one gets stuck there for a while, which one does sometimes..

At first I put up some beautiful poems by Aslaug Laastad Lygre,
and I bought some pretty cards with her poems 
printed with illustrations by Solveig Serigstad Hauge.

But when my cousin Vilje Valland Nesse took these gorgeous photographs matching my poems, I had them framed and placed on the walls instead.
On the shelf is the poem 'Saa godt' ('So good')
while the poems in the corner are 'Vérmelding' (Weather Forecast'), 
'Sjokolade' ('Chocolate' and 'Naustet' ('The Boathouse')

Only one poem by Laastad Lygre remains, standing by the sink.
It's 'Morgonbon' (Morning prayer'), a beautiful poem I love reading :)

If you should get stuck there for a while and the poems won't be enough to read, 
you can look into my metal magazine basket.
I love this basket, given to me by my father-in-law.
(I think he found it funny that I fancied it so much) 

Have a good weekend!! :)

Saturday, August 18, 2012

Første skuledagen min!

18. august er det 30 år sidan min første skuledag, 
og det var ein fin solskinsdag!
Eg var sju år gammal og gledde meg veldig til å verte skulejente, for det var stort!

Her står eg foran barndomsheimen min, og hunden Bolas sit på trappa.
 Eg var veldig kry av den flotte, raude skulesekken min!


 Her står eg foran skulen, som vart riven for ein del år sidan, og så vart det bygd ein ny.
Det er der eg jobbar no.


Me var 8 stk i klassen, 4 jenter og 4 gutar.
Me gjekk saman 2 og 2 klassar på denne skulen, 
så me gjekk saman med 2. klasse. Meiner dei var 4 stk, så då vart me 12 til saman.
Året etter gjekk me saman med den nye 1. klassen, som var 5 stk (viss eg ikkje hugsar feil..)

 Me er framleis nokre veninner som held saman etter alle desse åra,
og dei er blant mine aller næraste og kjæraste vener. 
Dei var alle i bryllupet vårt i sommar, og den eine av dei var forlovaren min :)
 Dei er gull for meg!! <3 


*

August 18th is the 30th anniversary for my first day of school, 
and it was a nica and sunny day!
I was seven years old, and very excited about starting school, as this was a big thing!

In the first picture I stand in front of my childhood home,
and our dog Bolas sits on the front porch.
I was very proud of my brand new and fine school bag!

In the second picture I stand in front of the school, which was torn down some years ago.
They built a new one, which is where I work now.

We were 8 pupils in our class, 4 girls and 4 boys.
We were 2 and 2 classes together in this school, 
which means, we were with 2. grade. I believe they were 4 pupils, so we were 12 altogether in our class (room).
The next year we were with the new 1. grade, and I believe they were 5 pupils.

We are still a few girls who still hang out after all these years, and they are
among my very closest and dearest friends.
They were all in our wedding this summer, and one of them was my Maid of Honour :)
They are gold to me!! <3



Saturday, August 11, 2012

Meir stove

Dei som er på facebook med meg, har mogelegvis fått med seg
at eg har hatt ryddeprosjekt denne veka.
Eg rydda 'hukken' i stova, som dei siste (snart) 4 årene vore ein plass eg stua vekk ting,
noko som funkar sånn passeleg, sidan gjestar faktisk ser det, sjølv om fjernsynet står foran...

Men no fekk eg den store rydde-anden over meg, og sidan den er (som kjend) Anden som Går (Nei, ikkje Fantomet... og ikkje Donald heller...) måtte eg skunda meg!!

I tillegg måtte gjesterommet ikkje berre ryddast, men faktisk utgravast, så mykje rot var det!!
(Og alt var mitt verk ... )

Det tok meg faktisk tre (JA, 3) dagar å verta ferdig med alt, 
men her er resultatet i stove'hukken':


Vitrineskapet er ikkje overfylt lenger 
(burde kanskje hatt før-bilete, så du kunne sett skildnaden, 
men eg gidd IKKJE rota det til att, så du får berre forestilla deg det)
og det ser faktisk koseleg ut no!!


 Eg har fått lov å male det, men det får vente ei stund.. 
har ikkje tid til det no så tett på jul!! (hahaha)


Desse hyllene var fylt av bilete av dei skjønne nevøane og niesene våre, 
men då det såg litt uryddig ut slik det var, og me har mange, mange bilete av dei på den digitale ramma (den svarte nederst til venstre, ja) vart dei flytta til gjesterommet.

Eg har lett for å stresse, så eg må prøva å dandere ting så det vert meir harmonisk og roleg for hovudet mitt å sjå på, og til slutt vart hovudet mitt nøgd :)

Denne skjønne glaskrukka med kalv og glitter (som treng å bli skifta vatn på, ser eg...)
fekk me til jul hjå eine niesa vår, då var ho fire år.
Er den ikkje skjønn??


I 'hukken' står også dokkehuset mitt (men det er ikkje ryddig, har hatt småjentebesøk i dag!)
og kassen med leikar til når me får born på besøk, så den har blitt ein fin leikekrok no
(før var den ein trang leikekrok...)


Hylla over den gamle terrassedøra kunne likegodt også få ei utskifting når eg først var i gong,
og har no fått eit meir maritimt preg.

Biletet i svart-kvitt er tatt tidleg på 1900 talet av ei kompassutstilling hjå instrumentmakarfirmaet J.C. Krohn & Søn i Strandgaten i Bergen.

Er det ikkje flott?


Under oppryddinga på gjesterommet fann eg att eine serveringsfatet mitt, som eg kjøpte på loppemarknad i Danmark då eg budde der. 
Eg trur eg betalte 15 kroner for dette og eit serveringsfat til,
som framleis er pakka vekk.



Serveringsfat likar jo best å ha noko på seg, 
så det fekk det, og pyntar no på ovnen.
Blomen er ein fredløs som niesa vår plukka til oss i dag,
og den passa så fint her!

Er veldig glad i norgesglas, og dette har vore farmor mi sitt,
og synest det gamle bestikket vart så fint oppi :)

I tillegg hadde dei fine, fine haustlyng på hagesenteret i dag,
og eg tok tre med meg heim!!
 

Dei er så fine, at eg trur eg må kjøpa fleire på måndag ...

Deilig å ha det ryddig i heimen!!
(Loftet er derimot heilt stappa fullt...)

GOD HELG alle saman!!

*

My facebook-friends might have noticed I have had a tidying/cleaning project this week.
I tidied a small part of the livingroom, which for the last (almost) 4 years has been a place I stowed stuff away, which doesn't work too well when the TV doesn't cover it up, and the guests can see it anyways ...

But I suddenly got the Great Spirit of Neatness over me (also known as the Spirit Who Leaves Quickly..) and had to go to action instantly!

In addition the guest room didn't just had to be tidied, but actually excavated, as it was filled with clutter (and it was all my doing...)

It actually took me three (YES, 3) to get done, 
and here is what the livingroom-part looks like now:

The vitrine isn't overly cluttered anymore
(maybe I should have had before-pictures for you to see the difference,
but I WON'T mess it up again, so you'll have to imagine)
and looks kinda cozy now, doesn't it?

I have been granted permission to paint it, but that will have to wait a while,
haven't got time so close to Christmasl!! (hahaha)

These shelves were filled with pictures of our sweet nephews and nieces, 
but as it looked kinda messy the way it was, and we have many, many pic's of them on the digital photoframe (the black in the lower left corner)
they were moved to the guest room


I stress easily, and must try to display our things in a harmonic and calm way for my head to view them, and finally my head agreed :)

This cute jug (made as a snow orb) with a toy calf and glitter 
(and needs to get a water-change, I can see...)
we got for Christmas from one of our nieces, when she was four.
Isn't it adorable??

In the corner of the livingroom is also my doll's house
(which is not tidy, as I had little girls visiting today!)
and the box with toys for when kids come visiting,
and has become a nice playtime corner
(whilst it earlier was a narrow playtime corner...)

The shelf above the old terrasse door also needed a change when first had it over me,
and has now a more naval feel to it.

The black-and-white photo was taken in the early 1900s at the J.C. Krohn & Son in Bergen.
They made optical equipments and instruments, and show their work in this picture.
 Isn't it beautiful?
While tidying the guestroom I found one of my serving trays,
bought on a flea market when I lived in Denmark.
I believe I paid 15 kroner (about $2?) for this and another one
which is still stowed away.



Serving trays prefers to have something on them, so I granted it's wish
and let it decorate the furnace/oven.
The flower is a loosestrife our niece picked for us today,
and it looks great here!

I am very fond of the kilner jar norgesglaset, and this one was my grandmother's.
I think the old cutlery looks so pretty in it :)

At the garden centre they had pretty pretty autumn heathers today,
and three came home with me!!
They're so pretty, I think I might have to get some more on Monday ...
How lovely to have a totally neat home!!
(The attic, on the other hand, is absolutely stuffed...)

Have a GOOD WEEKEND all of you!!

Thursday, August 9, 2012

Stovepynt


Samanlikna med interiørbloggarar, har me kanskje ikkje den aller mest spennande stova,
men me synest den er koseleg, og likar oss godt her! ;)

Me hadde ein plan om å male den kvit (dvs eg hadde planlagt det...), 
så den verka større, for me har jo ikkje så stort hus,
men no har det kome ein ny plan, så malinga vart lagt på hylla.

Men, slik ser det altså ut i stova vår!

Her er sofakroken,
og det fine kvite teppet syns Solihjartetmannen var eit skikkeleg dritteppe
sidan det loa slik, at det fekk katten, og han vart veldig glad for det!
(og katten loar litt sjølv, så det går heilt fint!)
Eg vart også glad, for då fekk det likevel pynta i sofaen, som var planen då eg kjøpte det.


 Putar er det lite av, for sidan Solihjartetmannen ikkje likar å bruka putar, 
havnar dei ofte på golvet, eller - om eg er heldig - i ein haug i den andre sofaen, 
og han er ikkje så nøye med at dei skal ligga fint dandert, dei hamnar i ein lite estetisk haug; 
så putar har eg gitt opp .. ei stund i alle fall.

Gjennom vindauget (dvs gamle terrassedøra) kan ein sjå
(litt av) den nye flotte grillen som me fekk til bryllupet :)
Den vart me veldig glade for!

Brettet på salongbordet var bryllupsgåve, og eg vart så glad, 
for ingen andre brett eg hadde passa heilt til det flotte lyset, som me fekk til jul.


Spisebordskroken.


Stauden Fredløs veks (heldigvis) vilt hjå oss, og får pynta inne også, 
sidan me har så mange og eg synest den er så fin!
Det er som å få solskin i ein vase, synest eg! 



Denne vesle mugga sjarmerte meg totalt ein dag eg var innom Farmors Hus,
så den vart med heim.


Dette etasjefatet har eg vist før, men eg har ommøblert litt på det.
Eg synest det er så fiiint!!


Denne søte sukkerskåla kjøpte eg i gåvebutikken til (det tidlegare) dronningskipet Britannia 
som me besøkte i Edinburgh. Det som er litt morosamt, er at det matchar etasjefatet.
Etasjefatet har ikkje krone, men M på, men ellers ser dei ut som dei kan høyre i lag. Dei hadde eit etasjefat i gåvebutikken som likna mitt, men det var ikkje heilt likt.


Du la kanskje merke til bileta over spisebordet?
Det er kopiar av gamle bilreklamar eg fann på nettet og printa ut.
Det er ingen kva-som-helst-bil heller, det er Solihjartetmannen sin favorittbil,
og han fekk bileta til bursdagen av meg.


Som du ser likar me gamle ting, eller ting som ser gamle ut.
Me er ikkje av den 'fanatiske' typen som kun skal ha skikkelege-gamle ting 
og skyr kopi-gamle ting, sjølv om det er ekstra gøy 
med skikkeleg-gamle ting som har ei historie...

*

Compared to interior bloggers we might not have the most exciting livingroom, but we think it's cozy and we like it here, very much! ;)

We had planned to paint the walls white (or more correctly: I had planned to ...) to make it feel larger, as we have a rather small house,
but now there are new plans, and the painting was cancelled.

But anyways, this is what our livingroom looks like!
Here are the sofas. My husband didn't like the pretty white blanket, to be more precise he thinks it's crap, because it keeps 'losing hairs' (it's synthetic) 
so we gave it to the cat, who loves it!
(and the cat looses hair himself, so they're a good match!)
Now I'm happy too, as it gets to stay and look pretty in the sofa, 
which was my plan with it when i bought it.

 We don't have many cushions in the sofas, as my husband don't like using them, which means he throws them on the floor or - if i'm lucky - in a pile in the other sofa,
and he doesn't bother putting them there nicely, they usually end up in a not so estethic-looking pile; so I've given up cushions .. for now, anyway.

Through the window (meaning the old terrace doors) 
you can see the new and awesome BBQ grill we got for our wedding :)
We are very grateful for it!
The tray on the sofa table was a wedding gift, and I am very happy about it, as I have no other trays suitable for the gorgeous candle, which was a Christmas gift.

(Luckily) Garden Loosestrife grows wildly in our garden, 
and gets to decorate indoors as well as outdoors,
as we have so many of them, and I think it's so pretty!
I think it's like having sunshine in a vase!

The small jug was so charming, that I couldn't resist taking it home with me.
I found it in a shop called Farmors Hus (Grandma's House').

I've shown this cake stand before, but now I've changed the things on it.
I think it's soooooo pretty!!

I found this cute sugar bowl in the (former) Royal Yacht Britannia 's giftshop,
which we visited in Scotland. The funny thing is, it mathces the cake stand!
The cake stand doesn't have the crown on it, but an 'M', 
but otherwise they look like they're part of the same set. 
The gift shop did have a cake stand in the set, which was similar to mine.

You might have noticed the pictures above the dining table?
They're copies of old car advertisements I found online.
They're not advertisements for any-ol-car either, 
but my husband's favourite car,
and I gave him the pictures for his birthday.


As you can see, we like old things, or things that look old.
We're not of the 'fanatical' kind who only want real-old things and despises fake-old things,
though it's extra fun with real-old things with a history...

Saturday, August 4, 2012

Bringebær

Me har bringebær i hagen, og no er dei modne og fine :)
 Nam-nam!


*
We have rasberries growing in the garden,
and now they're sweet and ready to eat :)
Yum-yum!

Utstilling i kyrkjestova


Eg vart spurt om å ha utstilling i kyrkjestova på Lygra 
i høvet Open Kyrkje no i juli, og sa sjølvsagt ja til det :)

 I gamle dagar var Kyrkjestova skulehus.



 Eg fekk også med meg veninna mi Inger Sellevoll, som er smykkedesigner :)
 Lagar ikkje ho lekre smykker??
I bryllupet vårt gjekk eg med hårpynt, armband og øyredobbar som ho har laga, 
og spesielt øyredobbane har eg gått mykje med sidan,
eg rett og slett elskar dei!! Ho er så flink!


Eg stilte ut desse dikta:

 
 








 


Den gamle preikestolen står utstilt i kyrkjestova.


Billedkunstnar Berit Løkken stilte også ut, men diverre gløymde eg å ta bilete av det!!
Uff, pinleg!! Spesielt sidan det var så flotte bilete ho hadde laga ..

Lygra Kyrkje er ei flott kyrkje, som du kan lese/sjå meir om her, her og her

*


I was asked to have a small exhibition in the Church house at Lygra 
during Open Church this July, and I was thrilled :)

In the old days the church house was the local school.

I also got my friend Inger Sellevoll with me, who designs jewellery :)
Doesn't she just make the sweetest looking jewellery??
For our wedding, she made me hair ornaments, a bracelet and ear rings,
and I've wore especially the earrings ever since,
I simly love them!! She's does such a good job!!
 

 Here is my exhibition.

I exhibited these poems:
'Endeleg' ('Finally) , 'Plass' ('Space' / 'Room'), 'Snart' 'Soon), 'Umisteleg'  ('Unlosable')

   'Heilt underleg' ('How strange'), 'Midtlivskrisa' (Midlifecrisis'), 'Gjev meg ikkje opp' ('Don't give me up'), 'Ord' ('Words'), 'Hanen' ('The Rooster')

 'Vèrmelding' ('Weather Forecast'), 'Sjokolade' ('Chocolate'), 'Fortvil ikkje' ('Don't despair')

 'Livet' ('Life'), 'Novembermorgon' ('November morning'), 'Naustet' ('The Boat House'), 'Så godt' ('So good'), 'Ei grisehistorie' ('A Pig's story') og 'Livshug' ('Life's lust / hope')

The painter Berit Løkken also exhibited there, 
but unfortunately I forgot to take pictures of it!!
Embarassing, especially since her pictures were so gorgeous .. 

The old pulpit is on display in the church house.

The Lygra Church is a beautiful church , and you can see more of it here, here and here