Wednesday, December 26, 2012

Julegodt



Eg laga konfekt til jul,
og nokre fekk det under treet i år :)

Det var stor suksess, så eg tenkte eg kunne dela oppskriftene :)


* Oreokuler *
Oppskrift frå Vakre Hjem og Interiør nr 8/2011

2 pakker oreokjeks - ca 300 g
100 g philadephiaost naturell (eg brukte heile boksen på 200 g og det fungerte heilt fint!)
250 g kvit sjokolade

Knus kjeksen i blender, kjøkenmaskin eller ha dei i ein plastpose og knus med kjevle el likn.
(Hold evt av ein halv kopp kakesmular til å pynte med om du ønskjer)
Tilsett philadelphiaosten litt av gongen, bruk gjerne blendaren til det også. Rør / bland til det er blanda godt saman. Set det gjerne kjølig, t.d. i frysaren eit kvarters tid, før du lagar kuler at det.

Iflg oppskrifta skulle det gje ca 30 kuler, men eg laga dei mindre, så eg fekk ca 45.

Set blandinga i frysen eit kvarters tid (eller meir) og smelt den kvite sjokoladen mens kulene vert kalde. Eg brukte sjokoladesmeltar, sidan kvit sjokolade ikkje toler så høg varme , men du kan også bruke vannbad eller microovn.
Brukar du Freia Hvit Sjokolade, står framgangsmåten på smelting inni sjokoladepapiret.

Kulene dyppar / rullar du i den kvite sjokoladen så dei vert fint overtrukke, og det er lurt å bruka gaffel til å halde kulene med når du dyppar. 

Sett kulene på eit bakepapir til tørking, og dryss gjerne på dei ekstra kakesmulane mens sjokoladen er våt, om du vil ha det.

Pga Philadelphiaosten bør kulene stå i kjøleskapet, og ikkje oppbevarast altfor lenge (men det er eigentleg ikkje noko problem, for dei forsvinn faktisk ganske fort!!)



* Peanøttsjokolade *
Oppskrift frå Vakre Hjem og Interiør nr 8/2011


PSST: Veldig enkel å lage, og veldig veldig gode!

250 g  kvit sjokolade
250 g kokesjokolade
175 g crunchy peanøttsmør, grov type

Smelt kokesjokolade, smelt kvit sjokolade* (evt bland i litt og litt i den smelta kokesjokoladen) og bland i peanøttsmør. (t.d. vannbad, microovn, sjokoladesmeltar)

* Hugs at kvit sjokolade tåler mindre varme enn mørk sjokolade!

 Ønsker du eit 'marmorert' utseende, smeltar du kokesjokoladen for seg og peanøttsmør + kvit sjokolade for seg.

Du kan deretter helle blandinga i ei form (10 x 20 ) kledd med bakepapir, først kvit sjokolade + peanøttsmør, deretter kokesjokoladen på toppen og rør så litt rundt så du får det mamorerte mønsteret du ønskjer.

Eg blanda berre alt saman og helte det i former. Du kan også helle det i ei form som ovanfor, og skjera / dela det opp før det er stivna heilt, då vert det finare kantar.


Variasjonar: 
- Bruk berre ein av sjokoladetypane med peanøttsmøret, eller bruk lys / mjølkesjokolade. 
- Vil du ikkje bruke  peanøttsmør, kan du ha i heile peanøtter (eller andre nøtter du likar) i staden :)

  
 
* Mozartkuler *
Oppskrift frå 'Hendes Verden' nr 43/2007

35 g hasselnøttkjerner
100 g bløt nougat
ca 350 g marsipan
200 g mørk sjokolade (til overtrekk)


Rist nøttene i ovnen på 175 gr til hinnene sprekk og du kan gni dei av.
Dei finaste gøymer du til pynt, resten kan du hakka og blanda med nougaten, om du vil.

Del nougaten og rull i små kuler (oppskrifta seier 12-14, men eg fekk vel 20-24) og sett kulene kjølig ei stund.

Pakk kvar kule inn i marsipan. Eg kjøpte marsipan i 'pølse', og skar av skiver som eg pakka nougatkulene i. Rull dei til kuler.

Smelt den mørke sjokoladen (t.d. vannbad, microovn, sjokoladesmeltar) og dypp kulene i før du set dei på matpapir. Pynt med ei hasselnøtt på toppen før sjokoladen stivnar.


***

I made chocolates for Christmas,
and a somebody got them as Christmas present this year :)

This was a big success, and I thought I'd share the recipes:)


* Oreo Truffles *
Recipe from the interior magazineVakre Hjem og Interiør no 8/2011
about 300 grams of Oreo cookies
100 grams of philadephia cheese naturel (A cream cheese. I used the whole box of 200 g and it worked fine!)
250 grams of white chocolate

Crush the cookies in a blender, kitchen aid or put them in a plastic bag (for bread) and crush with a rolling pin or something else suitable.
(If you want, you can keep half a cup of crumbles for decorating)

Add the cream cheese, little by little. Use the blender if you wish. Stir / blend until it's well mixed together. Put it in the freezer for about 15 minutes before you make small balls.

According to the recipe this should make about 30 truffles, but I made them smaller, and got about 45.

Put the dough in the freezer for about 15 minutes (or more) and melt the white chocolate while the oreo truffles cools. I used a chocolate melter, as white chocolate can't withstand too high temperatures but you can also melt it over a hot-water bath or in the microwave oven.
You dip / roll the truffles in the white melted chocolate until they're nicely covered. I used forks when I dipped them.

Put the truffles on baking paper to dry, and if you want to, you can sprinkle them with the oreo crumbles you put aside.

Because of the cream cheese it should be kept in the fridge, and not stored too long (which really isn't too big of a problem, they tend to 'disappear' quite fast!)



* Peanut chocolate *
Recipe from the interior magazineVakre Hjem og Interiør no 8/2011


PS: Very easy to make!


250 grams of white chocolate
250 grams of dark chocolate
175 grams of crunchy peanutbutter

Melt the dark chocolate, melt the white chocolate* (or mix the white in pieces little by little with the melted dark) and mix in the peanut butter (for example over hot-water bath, in the microwave oven or a chocolate melter)
* Remember the white chocolate can't withstand as high temperature as dark chocolate!
 If you want a more 'marbled' look, you can melt the dark chocolate separate from the white + the peanut butter.

Then you can pour the white + peanut butter into a casserole dish (10 cm x 20 cm) lined with baking paper. Then add the dark chocolate on top and make swirls to get the marbled look you want.
I just mixed it all together and poured into small figure forms (originally made for ice cubes). You can also pour it into a casserole dish as mentioned above, and cut into pieces while it's still a bit soft, this will make better looking edges.

Variations: 
- Mix only one of the chocolate types with the peanut butter, or use light / milk chocolate
- If you don't care for peanut butter, you can use whole peanuts (or other nuts of your liking) instead :)

  
 
Recipe from 'Hendes Verden' no 43/2007

35 grams hazelnut kernels
100 grams soft nougat
ca 350 grams marzipan
200 grams dark chocolate (for coating)


Roast the nuts in the oven at 175 degrees C to the membrane cracks, and you can rub them off.
The nicest looking are kept for garnish, the rest you can grind and mix with the nougat, if you wish.

Cut the nougat into small pieces and roll into small balls (the original recipe says 12-14 pieces, but I made them smaler and got about 20-24) and let them cool for a while.
Wrap each nougat ball in marzipan. The marzipan I bough was in a sausage kind of package , and I cut it into slices which I wrapped around each nougat ball. Roll them into balls.

 Melt the dark chocolate (for example over hot-water bath, in the microwave oven or a chocolate melter) and dip the balls in it. Put a hazelnut on top before letting them dry.

Tuesday, December 25, 2012

Juleførebuingar (litt på etterskot)

Både hausten og desember har vore veldig travel,
men eg har fått laga litt ting og tang.
Noko av det fekk eg seld på julemarknad :)


Pynta litt på soverommet til jul.
Dei måla blikkboksane vart fine potteskjularar :)


Var ein dag i skogen for å finna lerkegreiner og einer til å pynta rundt huset med.




***

This fall and December have been very busy for my part,
but I did find time to make some stuff.
Some of it I sold at a Christmas market :)

 I decorated the bedroom for Christmas.
The painted tin containers became nice flower pots :)

 In the woods I found twigs of larch and juniper to decorate with outside the house.







Friday, December 21, 2012



 http://mailindikt.files.wordpress.com/2011/08/dsc01835.jpg

~ Juleminne ~
.
Noko av det eg hugsar som eit gildt oppdrag då eg var lita,
var å få vera med Papen for å finna juletre.
Treet skulle vera passeleg stort med fine greiner som ikkje sto for tett
men heller ikkje for langt frå kvarandre,
og det skulle vera passeleg symmetrisk.
.
Dette forklarte Papen oss,
mens me nikka og med eit seriøst blikk
undersøkte treet han hadde peika ut,
for å sjekka at det oppfylde kriteriane.
Det gjorde det sjølvsagt alltid,
for Papen var den flinkaste me visste til det meste,
inkludert å finna juletre.
.
Det kan henda me fraus litt,
og det kunne vera tungt å trakka i snøen
for nokon med små føter,
men det gløymde me fort
når me tenkte på den viktige oppgåva vår.
.
Litlejulafta skulle det fine treet vårt pyntast.
Papen var høgast, så han fekk henga på glitter, flagg og lys,
mens me fekk henga på kuler og annan pynt.
.
Gjennom heile jula kunne eg stå opp att
etter dei andre var lagt seg
berre for å sjå på det fine juletreet.
Me hadde juletrelys i ulike fargar,
og dei skein så vakkert i den mørke stova,
og på pynten som hang på treet.
.
Forventningsfulle vakna me julafta morgon,
og fekk sjå juleprogram på fjernsynet
- nådde me å få med oss Disney sitt juleshow dette året!? –
før me skulle gjera oss klar til julegudstenesta,
og når me kom heimatt, fekk me deilig julegraut.
Mammo laga den beste risengrynsgrauten,
og dette var den dagen i året den smaka aller best, syntest eg.
.
Viss me ikkje hadde gjort det kvelden før,
skulle me legga gåvene under treet etter grauten var eten.
Det kunne vera lettare sagt enn gjort
når ein både skulle bera gåvene på plass,
sjå på til-og-frå lappane, knipa på pakkene
og samstundes passa på at ingen av dei andre søskena gjorde det same.
.
Papen likte å opne stovedøra for å høyre kyrkjeklokkene
ringje jula inn klokka fem om ettermiddagen.
Visst var det stemningsfullt, men vanskeleg å nyta på same måten
for ein liten tass som synest ventetida vart for lang
når ein berre kunne sjå – men ikkje røra – det som låg under treet,
og berre kjenne på den gode lukta frå kjøkenet som spreidde seg i heile huset,
men ikkje få smake heilt enno.
Først skulle nemleg kyrne mjølkast og matast,
og tida mellom kyrkjeklokkene ringde og florstida var over
gjekk så uendeleg seint!
.
Heldigvis fekk me som regel opna ei pakke kvar innan denne tida.
Den var det alltid Mammo som plukka ut,
og det utrulege var at det alltid var leikar i desse!
Kanskje var ho litt synsk?
Me var i alle fall like heldige kvart år,
for det ville nok ikkje vore like spanande
å leika med eit par sokkar!
.
Sjefen over alle Sjefar
innan julemat (og annan mat) var (og er) Mammo,
og ENDELEG kom tida då me kunne setja oss til bordet
og nyta pinnekjøt og kålrabistapp,
kjøtkaker og smelta smør med purre,
og sjølvsagt póte, og så litt julebrus,
og alt var berre heilt fantastisk!

***

~ Christmas memories ~
.
Something I remember as a grand mission when I was little,
was to join Daddy in finding our Christmas tree.
The tree had to have the right size, and the branches had to be nice and not too close to each other,
but not too far apart, either,
and the tree had to be suitably symmetric.

.
Daddy explained this to us,
while we nodded, and with a serious look
examined the tree he had pointed out to us,
to check if it fulfilled the criteria.
Of course it always did,
for Daddy was the best we knew at most everything,
including finding a Christmas tree.
.
We might have been a little cold, 
and walking in the snow could be heavy on small feet,
but we easily forgot that part,
thinking of our important task.
.
The day before Christmas Eve we decorated the tree.
Daddy was the tallest, so he put on the glitter, flags and lights,
while we could put on ornaments and other decorations 

Through the Holidays I would rise
after the others had gone to bed,
just to look at the pretty Christmas tree.
We had Christmas lights in different colours,
and they shon so beautifully in the dark livingroom
and on the decorations on the tree.

Christmas Day morning we awoke expectantly
and watched Christmas shows on television,
- did we have time to watch the Disney Christmas show this year!? -
before making ready for the Christmas service,
and when we returned home, we got lovely Christmas porridge.
Mommy made the very best rice pudding porridge ever,
and on this day of the year it tasted better than any other day, I thought.
.
If we hadn't done it the night before,
we were to put the presents under the tree after eating our Christmas porridge.
This was easier said than done,
when you both had to carry the gifts to the tree,
look at the gift tags, pinch the gifts
and at the same time make sure none of the other siblings did the same thing.
.
Daddy liked to open the garden door and hear the church bells calling
at five in the afternoon.
Sure it was evocative, but not easy to enjoy the same way
for a little one who found the wait time too long
as one could only see - but not touch - what was under the tree,
and just smell the sweet scents from the kitchen, which spread into the whole house,
but not taste quite yet.
Because the cows had to be milked and fed first,
and the time period betweet the church bells' calling and milking time was over
went by so incredibly slowly!
Luckily, we were usually allowed to open a present each during this time.
Mommy always picked which we were allowed to open,
and the amazing thing was, these always contained toys!
Maybe she was a little psycic?
Anyway, we were ecually fortunate each year,
as it wouldn't have been as exciting
playing with a pair of socks!
.
The Master of all Masters
of Christmas food (and any other foods) was (and is) Mommy,
and FINALLY the moment arrived when we could be seated
and enjoy pinnekjott and mashed rutabaga,
frikadeller and melted butter with leek,
and of course potatoes, and then some Julebrus (Christmas soda),
and everything was just wonderful!
.