Sunday, September 29, 2013

Kaffipengeboks *** Coffee Money Box

Me trong ein boks til kaffipengar på jobben, 
og ein tom tennbrikkettboks passa fint.

Litt maling, serviettdecoupage og bokstavstempel gjorde seg,
synest du ikkje? :)


At work we needed a box for coffee money,
and an empty fire lighter box was just right.

Some paint, paper napkin decoupage and letter stamps did the trick,
don't you think? :)

Wednesday, September 4, 2013

Tunge dagar

Fram til no har eg skrive mest om ting som eg likar og som gjer meg glad, men i dag trong eg å få ut andre tankar.

Nesten alle dagar er gode dagar i mi verd, og sånn er det berre. Kanskje grunna innstilling, kanskje grunna dårleg korttidsminne, så eg lett gløymer dårlege ting, eller kanskje er eg berre heldig - kva veit eg? Sånn har eg det berre.

Men nokre dagar er tunge og svarte.
Ikkje fordi eg er depressiv. Ikkje fordi korttidsminnet mitt virkar betre enn andre dagar. Kanskje er det hormonar og syklusen som gjer det.
Akkurat no er det nok hormonar, og det faktum at eg har opplevd min 6. spontanabort.

Føler meg litt sutrete som tek det så tungt, for det er faktisk 2 veker sidan, så reaksjonen kjem litt seint, men eg har nok berre skyvd den foran meg. For eg trudde eg slapp lett unna denne gongen. Hadde eg ikkje tatt graviditetstesten, hadde eg berre trudd mensen var veldig forsinka, noko den er i periodar. Så eg var ikkje så langt på veg, og kjende meg ikkje så trøytt og nedfor som eg har dei andre gongane. Eg tenkte også at om eg ikkje let meg sjølv ta det så tungt, viss eg prøvde å lata over for meg sjølv som om det faktisk berre var mensen eg hadde fått, og at den graviditeten ikkje hadde vore der, så var det lettare å koma vidare.

Så feil kan ein altså ta.

I to veker har eg vore trøyttare enn vanleg, men trudd det var fordi det var tungt å koma ut av feriemodus, pga ekstra jobbing, og fordi eg søv litt dårlegare når mannen er på reisejobb.
Det reduserte overskotet gjorde at eg var endå mindre kreativ i matvegen enn vanleg.
Men så sa mannen noko som stakk hòl på heile bobla mi.
- 'Du treng ikkje eta det same til middag kvar einaste dag, kjære, det er sunt å eta variert.'
Eit utsegn sagt og meint med omsut og kjærleik, ganske uskuldig, ikkje sant?
Det eg svara i hovudet var: '- Kva er vitsen? Kroppen min fungerer jo ikkje som den skal likevel!'
Og det var då bobla sprakk.
Alle tårene eg ikkje hadde græte og all smerta eg trudde eg hadde sluppe unna, velta ut.

Eg hatar desse dagane. Eg hatar å kjenna smerta over dette.

Eg hatar det fordi eg veit det er eit luksusproblem, for det fins mange millionar i verda som har større og verre sorger enn meg.
Eg hatar det fordi det er avgrensa kva hjelp eg kan få, sidan eg har PCO, og det tilsynelatande ikkje finst noko som hjelper 100% enno.
Eg hatar det fordi det finst adopsjon og fosterbarn (og me har allereie ein plan ang det), og eg overhovudet ikkje har problem med at mine framtidige born ikkje er mine biologiske.
Men mest av alt hatar eg - sjølv om eg unnar alle andre dei borna dei får - å tenkja at 'alle andre får det til, kvifor kan ikkje me?'

Smerta er der, som eit stort, svart gnagsår i hjarta og heilt ned i magen, men kanskje har eg det bra att i morgon?


Vent