Sunday, March 31, 2013

Vinter eller vår??

Første halvdel av dagen i dag var det vår ute.
Eg hadde ei flink og arbeidsom niese på besøk
som hjalp meg å raka kvist og gammalt gras,
og me hadde tenkt å så litt blomefrø.

Men kva skjedde utpå ettermiddagen?
Jaudå, tiddelibom, der kom det snø!



Så eg reknar med gamle Vinteren ikkje vil gje heilt slepp,
men visa på den siste dagen i mars at  han framleis kan.




~ Den Gamle ~

Han er seigliva, men gamal.
Seint i haust var han ung,
over nyttår i sin beste alder -
men snart er tida ute for den Gamle.

Han klamrar seg fast,
gjev oss tilsynelatande uprovosert
snøfall, sludd eller hagl -
berre for å visa at han framleis kan

Desperat kjempar han mot sola
som vinn meir og meir tid
kvar dag

Så snart sola er vekk om dagen,
plantar han nye frostroser der han kan,
men græt sine modige tårer
allereie neste dag

Det flotte skiføret er blitt til skaresnø eller slaps,
skøyteisen er morken og møyr,
og snart har han runne heilt vekk.
Men når Hausten ein gong andar ut,
vert Vinteren fødd på ny




Men eg veit at snart må han gje heilt slepp :) 




~ Snart ~

Snart,
snart kjem ljoset tilbake.
Me har byrja få morgonar att,
ikkje berre lange netter.
Framleis har me is og snø,
framleis rådar frosten.

Men snart,
snart rekkjer solstrålane lengre -
gjennom frosten, ned under jorda,
og vil varsamt vekkja dei som søv,
som ventar.

Snart,
snart kjem livet attende.



***
 


Winter or spring??


The first half of today it was springtime.
I had one of our sweet and hard-working nieces visiting 
who helped me rake twigs and old grass,
and we had planned to sow some flower seeds.

But what happened in the afternoon? 
Oh yes, Tiddely-Pom, it started to snow!

So I guess old Winter won't quite let go,
but show on the last day in March that he still can.




~ The Old One ~

He's tenacious, but old.
In the late autumn he was young,
past New Year in his prime -
but soon time's up for the Old One.

He is still clinging,
giving us apparently unprovoked
snowfall, sleet or hail - 
just to show us he still can

He desperately fights the sun
who's winning more and more time
each day

As soon as the sun sets
he's planting new frost roses wherever he can,
but cries his courageous tears
the following day 

The great ski conditions have turned into crust or slush,
the skating ice is fragile and tender,
and will soon have melted away completely.
but when the Autumn ultimately exhales,
the Winter will be born again


 
But I do know he has to finally let go soon ;)



~ Soon ~

Soon,
soon the light will return.
We've started having mornings again,
not just long nights.
Still there's ice and snow,
still the frost reigns.

But soon,
soon the sun rays will reach further -
through the frost, down into the ground,
and will carefully wake the ones who are sleeping,
who are waiting.

Soon,
soon life will return.


Friday, March 29, 2013

PÅSKE! :)

Så var påska over oss med vakkert solskin 
og sjølvsagt påskeegg! ;)

I år ville eg overraska våre søsken, og laga sjokolade og påskeegg til dei :)

Påskeegga er vanlege til kr 1,- på Nille som eg har mala og pynta med serviettdecoupage.
Eg fekk endelig brukt dei fine sjokoladeformene eg fekk hjå husbonden til bursdagen,
og med litt hjelp frå to nieser på 12 og snart 3 vart det ein fin produksjon :)
Det vart også nok til eit eget påskeegg 
(og takk til klubbveninne Vanja for servietten med den nydelege kvite rosa!) !


Her er nærbilete av egga som våre søsken/svigersøsken fekk:


Håpar det smakte!!

*** GOD PÅSKE! ***


***


And then Easter was here, with beautiful sunshine
and Easter eggs, of course! ;)

This year I wanted to surprise our brothers and sisters, 
and made them chocolates and Easter eggs :) 

The Easter eggs were regular ones bought at Nille for NOK 1,- a piece, 
which I've painted and decorated with napkins and decoupage.
I got to try the nice chocolate moulds my husband gave me for my birthday,
and with some help from two nieces of 12 and almost 3 years of age,
we got a nice production! :)

There was even enough for an Easter egg for ourselves 
(and many thanks to my friend Vanja, who gave me the beautiful napkin with the white rose!)

Here you see close-ups of the eggs made for our sisters and brothers.

We hope you liked it!!

*** HAPPY EASTER! ***

Monday, March 18, 2013

Endring i planane ...


Eg veit eg har sagt at eg ikkje skal setje nye blomar i hagen før påske,
men klarte likevel ikkje styra meg og handla inn litt vårblomar
som eg hadde planlagd å setje ut i hagen denne laurdags formiddagen som var.

Trur du det var noko av, med snøen som kom?? 
Nixen bixen! Ingen nye blomar i hagen før sundag ettermiddag!
(I mellomtida hadde me vår skjønne nevø på 13 mnd på besøk <3 )

I staden brukte eg laurdag formiddag på å skifta ut påskeliljene eg tok inn 
for eit par veker sidan, for dei var allereie avblomstra.
Nye påskeliljer, ein tulipan og ei stemor kom i hus og pyntar så fint.
Blomelaukane eg tok inn har byrja å spire,
og den som har kome lengst, trur eg er ein perleblome / Muscari.
Dei andre ser ikkje fullt så ivrige ut enno, men dei kjem kanskje?

Den fine rosa eg fekk hjå sjefen på Kvinnedagen pyntar på salongbordet,
(fekk den levert på døra sidan eg var sjuk)
og eg har framleis eggdilla, som de kan sjå ;)
Desse egga har eg dyppa i kaffi så dei skulle få eit litt meir rustikt preg.

Sundag var all snøen vekke, og om ettermiddagen kom endeleg resten av blomane ut :)
 
Ha ei fin veke!! :)


***

Change of plans ...

I know I've said I won't put any flowers in the garden until Easter,
but then I couldn't quite contain myself,
and bought some spring flowers I planned to put out this past Saturday morning.
Do you think that happened, will all the snow we got??
Nopedy-nope! No new flowers in the garden until Sunday afternoon.

(In the meantime, we had our lovely 13-month old nephew visiting <3 )


Saturday morning I exchanged the daffodils 
I took in the other week, as they were done blooming.
New Daffodils, a tulip and a viola came indoors, and decorate so nicely.
The flower buds I took in has started to sprout,
and the one making the most progress, looks like it might be a Muscari.
The others don't look quite so eager yet, but maybe they'll come later? 
I got the pretty rose from my boss on the International Women's Day,
and it decorates the coffee table,
(it was delivered to my house, as I was home sick that day)
and as you can see, I'm still crazy about eggs ;)

I've dipped these eggs into coffee, to give them a more rustic look.

Sunday the snow was gone, and in the afternoon rest of the flowers 
finally found their place in the garden :)

Have a nice week!! :)


Friday, March 15, 2013

Egg og god helg! :)




Med mine siste eggkreasjonar vil eg ønska alle ei knallfin helg! :)



With my latest egg creations, I want to wish everyone a wonderful weekend! :)

Sunday, March 10, 2013

Egg og løkar!


Eg lova meir egg, og her kjem dei  :)

Eg kjøpte meg ein kartong kvite egg,
og fekk dekorert litt ein kveld.

Eg har også pynta med vaktelegg som eg kjøpte 

Den dagen eg var inne var eg også så heldig å få
5 potter med mini-påskeliljer til kr 50,-!! (Tilsaman, altså!)


Eg pleier å kjøpa minipåskeliljer og andre vårblomar til påske, 
og så plantar eg dei ut i hagen etterpå.
Første påska eg budde her 
gjekk eg litt amok med innkjøp av minipåskeliljer,
og enda opp med å verta ganske lei dei gule skjønnhetane,
så dei siste åra har eg ikkje kjøpt så mange om gongen ;)

Eg grov opp fleire blomelaukar i fjor,
som eg fann att då eg rydda i drivhuset.
Dei har eg tatt i to graskrukker
og sett i stova så dei får varme og lys.

Faktisk er eg ikkje sikker på kva laukar det er, 
så det vert spanande og sjå kva blomar som kjem fram! 
 
Å dekorere egg er knallgøy,
både med decoupage og andre småting,
og inspirasjonen har eg henta frå flinke og kreative bloggarar 


Ha ein fin vårdag!! :)

***

I promised more eggs, and here they are! :)

I bought a carton of white eggs,
and decorated some of them one evening.

I've also decorated with som quail eggs I bought 
at the local garden center. 

When I was there, I also were so lucky to get
5 pots of mini-daffodils for the total bargain of NOK 50,-!!

I usually buy mini-daffodils and other spring flowers for Easter,
and later I plant them in the garden.

The first Easter I lived here
I went kinda crazy when buying mini-daffodils,
and ended up quite fed up with the yellow beauties,
so the last years I've only bought a few each year.;)

I dug up several flower bulbs last year
which reappeared when I cleaned up the green house.
I've put them into two glass jars
and placed them in the livingroom for warmth and light.

To be honest, I'm not sure what kind of flower bulbs they are,
and it will be interesting to see what sort of flowers will appear!
 
Decorating eggs is a lot of fun,
both with decoupage and other things,
and I get inspired by skilled and talented bloggers 

Have a nice spring day!! :)


Tuesday, March 5, 2013

På soveromskommoden

Me får morgonsola inn soveromsvindauget,
og det er nok julerosa glad for :)
Den er så nydeleg, og det å sjå den når eg vaknar
gjev meg ein god start på dagen!
Eg synest både den kvite soveromskommoden og morgonljoset 
kler ein av dei lyseblå dukane eg sydde i januar,
og det fine diktet Morgonbøn av Aslaug Låstad Lygre har fått ny plass her.

Øyredobbane er fint utstilt og lett tilgjengelege
i ein søt 'Far's kopp eg fann på gjenbruk :)

Ha ein fin dag!!



***

The morning sun shines through our bedroom window,
and I think the Christmas Rose (Helleborus Niger) appreciates that :)


It is so beautiful, and to see it when I wake up
gives me a good start of the day!

I think both the white bedroom dresser and the morning light
suit one of the light blue table cloths i made in January,
and Aslaug Laastad Lygre's beautiful poem 'Morning Prayer' has found a new place here.

The earrings are nicely displayed and made easily accessible
in a cute 'Father's cup I got second hand :)

Have a nice day!!

Saturday, March 2, 2013

Bursdag og snart vår!!

Har hatt ein liten pause på denne bloggen, 
men har fått litt meir inn på diktbloggen i staden, så eg har ikkje vore HEILT 'av'! :)

I februar hadde eg bursdag, og fekk mange flotte gåver!

Bøker, poncho, roser, evighetskalender, luktelys, og 
(det eg gløymde å avbilda i farten:) konfektformer, pudder, natt- og dagkrem :)
Er SÆRS nøgd!!! (TUUUSEN TUSEN TAKK!!)
Eg har VERDAS  BESTE familie og vener!!


Noko anna som er bra med februarer at våren byrjar så smått å koma.
Eg har alltid vore glad i våren, og etter eg fekk eigen heim og hage,
har påska vorte ei stor vårfeiring for meg, for då byrjar eg å stelle i hagen.

I år har eg tjuvstarta litt på våren, 
tatt inn seljegreiner i håp om at pusekattane kjem fortare,
og ein blome har fått ny heimelaga potte :)


 I år har eg også prøvd meg på dekorering av egg,
og fekk hjelp av ei flink niese til å blåse dei, for det hadde eg ikkje prøvd før.
Det var knallgøy, og det vart både søl og mykje latter!

Våre brune høns legg (naturleg nok) brune egg,
så nokre av egga måtte me måla først, for at serviettdecoupagen skulle verta fin.


No prøver eg å få byta til meg kvite egg,
så det kjem nok fleire egg-prosjekt her!!
Pyntar også påskeegg (sånne til snop), så 'stay tuned'!! :)



***



I've had a small break from this blog,
but have posted more on my poetryblog (will also try to translate more), 
so I haven't been COMPLETELY 'off'! :)

February is my birthday month, and I got many great presents!

Books, poncho, roses, perpetual calender, scented candles and (what I forgot to photograph while I was at it:) silicone chocolate moulds, face powder, night- and day cream :)
Am VERY happy!!! (THANK Y'ALL SO MUCH!!)
I have the BEST family and friends!!
Another good thing about February, is the start of spring.
I've always been fond of the springtime, and after I got my own home and garden,
Easter has become a great celebration of spring for me, as I start tending to my garden then.

This year I've started a little ahead of spring,
and I've taken some twigs of the Goat Willow indoors, hoping to see early catkins,
and one of my indoor plants got a new DIY flowepot :)


I've also tried decorating eggs this year,
and got help from a skilled niece, as I hadn't tried it before.
It was loads of fun, and there were both lots of spillage and laughter!

Our brown hens lay (naturally) brown eggs,
which means some of them had to be painted first, for the decoupage to look nice.
I try exchanging my brown eggs for white ones these days,
which means there will be more egg-projects coming up!!

Have also started decorating Easter-eggs (for candy), 
so 'stay tuned' for more Easter/Spring updates!:)