Thursday, June 27, 2013

Blomane til Oldebesto *** The flowers for Great Grandma

Eg hugsar eg skulle plukka blomar til Oldebesto Ida ein gong.
Eg plukka ein stor bukett av dei vakraste blomane eg fann,
ein så stor bukett som ein 4-5 åring kan klara å plukka, i alle fall.
  
Eg hugsar fleire av grandtantene vart heilt frå seg, 
tok frå meg blomane og vaska nevane mine grundig,
men alt eg tenkte på var kor buketten til Oldebesto vart av,
for den var jo hennar, og eg syntest blomane eg hadde funne var så nydelege.


Det var då eg lærte at eg ikkje skal plukka revebjølle,
for den er giftig, og det betyr at grandtantene vert heilt frå seg,
og eg ville jo ikkje skremma grandtantene fleire gongar,
eller at dei skulle kasta blomane eg hadde strevd sånn med å plukka.

Eg forsto heller ikkje heilt problemet, 
verken eg eller Oldebesto skulle eta blomane, dei skulle jo vera til pynt!

Men det er fort gjort å for ein liten å ta i noko giftig og så plukka bær eller av ein eller anna grunn få fingrane i munnen, og berre det kan vera livsfarleg for små born.

 Kan ikkje hugsa om eg nokongong plukka blomar til Oldebesto etter det,
eg gjorde det i alle fall ikkje når grandtantene var der, DET hadde eg lært!

Eg synest framleis revebjølla er ein nydeleg blome, og har lyst til å ha den i blomebeda mine, men når me ofte har besøk av søte små som likar å utforske,
vert det berre med tanken...

Denne måtte eg berre ta bilete av, for den har vokse gjennom gjerdet :)




*


I remember picking flowers for my Great Grandma Ida once.
I picked the biggest bouquet of the prettiest flowers I found,
at least as big as a 4-5 year-old could manage to pick anyway.
 
I remember several of my great aunts got upset,
took away my flowers and washed my hands thouroughly,
but all I could think of was where did Great Grandma's bouquet go,
'cause it was hers, and I thought the flowers I had found were so beautiful.

That's when I learned not to pick the foxglove,
because it's poisonous, which means the great aunts get upset,
and I didn't want to upset the great aunts again,
or that they threw away the flowers I had worked so hard to find.

I didn't really get the problem either, 
as neither I nor Great Grandma were going to eat the flowers, 
they were supposed to be for decoration!

But it's easy for someone small to touch something poisonous, for example the foxglove, 
and then pick berries or for some other reason lick or put your fingers in your mouth, 
and that alone can be fatal to small children.
 I can't remember ever picking flowers for Great Grandma after that,
I most certainly didn't when the great aunts were there, THAT I had learned!

I still think the foxglove is a beautiful flower, and would love to have it in my flowerbeds,
but as we often have little ones visiting, who like to explore,
I'll just keep on dreaming...
I just had to take a picture of the one growing through the fence :)