Sunday, March 31, 2013

Vinter eller vår??

Første halvdel av dagen i dag var det vår ute.
Eg hadde ei flink og arbeidsom niese på besøk
som hjalp meg å raka kvist og gammalt gras,
og me hadde tenkt å så litt blomefrø.

Men kva skjedde utpå ettermiddagen?
Jaudå, tiddelibom, der kom det snø!



Så eg reknar med gamle Vinteren ikkje vil gje heilt slepp,
men visa på den siste dagen i mars at  han framleis kan.




~ Den Gamle ~

Han er seigliva, men gamal.
Seint i haust var han ung,
over nyttår i sin beste alder -
men snart er tida ute for den Gamle.

Han klamrar seg fast,
gjev oss tilsynelatande uprovosert
snøfall, sludd eller hagl -
berre for å visa at han framleis kan

Desperat kjempar han mot sola
som vinn meir og meir tid
kvar dag

Så snart sola er vekk om dagen,
plantar han nye frostroser der han kan,
men græt sine modige tårer
allereie neste dag

Det flotte skiføret er blitt til skaresnø eller slaps,
skøyteisen er morken og møyr,
og snart har han runne heilt vekk.
Men når Hausten ein gong andar ut,
vert Vinteren fødd på ny




Men eg veit at snart må han gje heilt slepp :) 




~ Snart ~

Snart,
snart kjem ljoset tilbake.
Me har byrja få morgonar att,
ikkje berre lange netter.
Framleis har me is og snø,
framleis rådar frosten.

Men snart,
snart rekkjer solstrålane lengre -
gjennom frosten, ned under jorda,
og vil varsamt vekkja dei som søv,
som ventar.

Snart,
snart kjem livet attende.



***
 


Winter or spring??


The first half of today it was springtime.
I had one of our sweet and hard-working nieces visiting 
who helped me rake twigs and old grass,
and we had planned to sow some flower seeds.

But what happened in the afternoon? 
Oh yes, Tiddely-Pom, it started to snow!

So I guess old Winter won't quite let go,
but show on the last day in March that he still can.




~ The Old One ~

He's tenacious, but old.
In the late autumn he was young,
past New Year in his prime -
but soon time's up for the Old One.

He is still clinging,
giving us apparently unprovoked
snowfall, sleet or hail - 
just to show us he still can

He desperately fights the sun
who's winning more and more time
each day

As soon as the sun sets
he's planting new frost roses wherever he can,
but cries his courageous tears
the following day 

The great ski conditions have turned into crust or slush,
the skating ice is fragile and tender,
and will soon have melted away completely.
but when the Autumn ultimately exhales,
the Winter will be born again


 
But I do know he has to finally let go soon ;)



~ Soon ~

Soon,
soon the light will return.
We've started having mornings again,
not just long nights.
Still there's ice and snow,
still the frost reigns.

But soon,
soon the sun rays will reach further -
through the frost, down into the ground,
and will carefully wake the ones who are sleeping,
who are waiting.

Soon,
soon life will return.


3 comments:

  1. Ja er det ikke typisk!
    Men den kommer snart, våren!
    Ha en flott ny uke!
    Klem

    ReplyDelete
  2. Tack rara du för dina omtänksamma ord på min blogg.
    Jag har njutit av alla dessa varma ord som jag har fått och allt det andra är bortblåst.
    Tänk vad gott det är att få höra att man duger och att man inspirerar andra.
    Jag har fått en hel kasse med måbra ord som jag kan ha på lager för nästa gång jag skulle vara nere:)
    Ja så ser man vad vädret kan göra på en dag, din kussin får ha en annan dag tillgodo för att plantera lite frö tillsammans med dig.
    Ha en skön kväll.
    Varm kram Gerda

    ReplyDelete
  3. Hei - ja, så enig - vil ha vår:) Men holder kulda og isen stand ganske godt - men det endrer seg vel snart - strålende sol er det hvert fall:)

    Fin onsdagskveld til deg:)

    ReplyDelete