Tuesday, November 18, 2014

Nesten heimelaga


Pizza er mogelegvis yndlingsretten min. 
Det er iallfall den retten eg ofte opplever at eg har uante mengder av magerom for. 

Grunna svangerskapsdiabetes er det mykje godt eg ikkje kan eta, men heldigvis er pizza på ja-lista - så lenge deigen er av fullkorn og det oppå er sunne greier. Og det er det jo!! 

Før du skulle tenka at eg no er ei sånn flink superhusmor som lagar alt frå botnen av og dagleg tryllar fram sunne og velamakande rettar, må eg stoppa deg. 
Eg trålar riktignok med jevne mellomrom bloggane til andre superhusmødre, og prøver å laga det lekre og sunne dei lagar, med variabelt hell. 
For å vera heilt ærleg, så har ein del hamna rett i bosset, så dårleg var det. 
(Og eg trur ikkje det var oppskrifta det var noko i vegen med, det var nok mine 'kjøkenskills')

Så, no kan eg avsløra at denne pizzaen faktisk er laga med kjøpedeig, men fullkornsdeig i det minste, så det er vel og bra. Kjøtdeigen er utan tilsett vatn og salt, så det er også vel og bra. Men eg sette sjølv til vanleg grovkverna pepar og alminneleg salt (ikkje verken Maldonsalt eller grovt havsalt, nei), heilt vanleg ketchup 
(verken den utan sukker eller heimelaga der heller. Huff og huff!) og (hald deg fast:) tørka oregano; ikkje fersk frå krydderurtekrukka i vindauget, som eg burde.

Veit ikkje om det er betre med grønsakene (eller er nokre av dei frukt no? Eg klarar ikkje følgja med!) For det var heilt alminneleg lauk, paprika, sjampingjong og tomatar. 
Rettnok ferske men ikkje verken heimedyrka eller utprega økologiske. 
Rystande, eg veit det.
Men eg skar dei no opp sjølv, i det minste :)
 På toppen hadde eg ferdigraspa pizzaost, rett frå pakka (GISP!)

Jepp, sånn er det for oss som ikkje akkurat er velsigna med superhusmor-genet.

Og pizzaen? Den var KJEMPEGOD!!


Ha ein framleis fin dag!!

No comments:

Post a Comment