Friday, July 27, 2012

Rabarbragraut

Me har rabarbra i hagen, så når den var moden måtte eg vera litt husmor og laga rabarbragraut, som Solihjartetmannen (og eg sjølv) er så glad i.

Ser det ikkje bra ut?




Solihjartetmannen ville venta til den var kald, for då likar han den best,
men eg klarte ikkje halda meg, så eg åt den varm, og var så ivrig at eg gløymde å ha mjølk på!
Saman med min favoritt Pukka-te var det ein god kvelds-dessert :)




Oppskrifta eg brukte (skulle vera til 2 personar 
- men som dessert kunne det fint vore til minst 4)

200 g ferdig rensa rabarbra
2 1/2 dl vatn
3/4 dl sukker
1 ss potemjøl
litt kaldt vatn

  • Del rabarbrabitane i passelege små bitar.
  • Ha vatn, sukker og rabarbra i ein kjele og la det koka nokre minutt til rabarbraen er møyr.
  • Rør ut potemjølet i litt kaldt vatn og hell det i grauten mens du rører. 
  • Kok opp og trekk kjelen til side.
  • Avkjøl grauten.
  • Server gjerne med mjølk eller fløyte.

Eg synest ikkje det var nødvendig med sukker på då eg åt den, 
for den var passeleg søt, men det er jo smak og behag




***

We have rhubarb in the garden, so of course I hade to be a good housewife and make some rhubarb dessert porridge, as my husband (and myself) love it.

Looks good, doesn't it?

 My husband didn't want any until it was cold, as he likes it best like that, but I couldn't wait, som I ate it warm, and was to eager to taste it, I forgot to put on milk!
Teamed with my favourite Pukka tea it was a perfect evening dessert :)


The recipe I used  (for 2 people
- but as a dessert, it was enough for about 4 people):

200 g cleaned rhubarb
2 1/2 dl water
3/4 dl sugar
1 ss potato flour
a little bit of cold water

  • Cut the rhubarb into small pieces.
  • Put water, sugar and the rhubarb in a cooking pot and let it cook for some minutes, until the rhubarb is soft / mushy.
  • Mix the potato flour with a little bit of cold water 
  • and pour it into the pot while you stir.
  • Let it cook and pull the pot aside.
  • Let it cool. 
  • Serve with milk or cream if you like.


1 comment:

  1. Hallå!
    Ser gott ut det där!
    Så roligt att du tittade in till mig...
    Kram och ha det gott!
    Sofia

    ReplyDelete