Monday, July 30, 2012

Fjelltur

Svigerinna mi inviterte meg og svigermor med på fjelltur,
og me skulle gå til Kalvedalshytta.
 
 Me sette bilen ved Øvre Setervatnet og byrja vandringa i det vakre landskapet.

Blåbæra var modne, og det var masse bær!
Men me var ikkje der for å plukka bær, me skulle opp og fram, 
så berre nokre få bær fekk magane våre smaka.

Fine mosekledde steinar og krokete tre var det ikkje mangel på :)


Eg likar gamle stubbar og steinar i alle mogelege fasongar,
dei er så flotte og kan fortelja mykje spennande, synest eg. 
Forstår godt at forfedrane våre trudde det var troll i skogen!

Denne trollkjerringa er då ikkje til å ta feil av!
Ho såg heldigvis blid og venleg ut :)

Skjønne fjellblomar møtte me også på.
Den nederste skal vera nordens mest viltveksande orkidè :)

Eg veit diverre ikkje namnet på desse blomane,
men det gjer kanskje du?

Rett før Paddesætra møtte me på denne fossen,
og i ura nedanfor ein stein som såg ut som
den var skore ut som eit hjarte.
Nyforelska svigerinna mi og nygifte meg tok det som eit godt teikn!

Ved Paddesætra vart me forsikra om at me var på rett veg:


Mange bekkar små...

Fleire flotte vardar såg me, som denne

Me kom oss ikkje heilt til Kalvedalssætra, men rasta med utsikt til det flotte Flådalsvatnet

Me bestemte oss for at neste gong me går til Kalvedalssætra, er det for å overnatta
(og svigerinna mi håpar nok at me går litt fortare då, men eg måtte jo ta bilete!)


Heime venta ein velfortent dusj,
 kles- + skovask,
 
og me var samde om at me hadde hatt ein...

*

My sister-in-law invited me and Mom-in-law on a mountain hike,
and we were heading for Kalvedalshytta.
 
 We parked by the lake Ovre Setervatnet and started our walk into the beautiful landscape.
The blueberries were ripe, and there were lots of them!
But we weren't there to pick berries, we were heading up and forward,
so only a few berries got eaten by us.

There was no lack of fine mosscovered rocks and crooked trees. :)

I like old tree stumps and rocks in all sorts of shapes,
I think they look great and can tell som many exciting stories. 
No wonder our ancestors thought there were trolls on the woods!

You can't miss this lady troll!
Luckilyly, she looked nice and friendly :)

We also met pretty mountain flowers.
The last one is supposedly the most wildgrowing orchid in the Nordic countries :)

Unfortunately, I don't know the names of these flowers,
but maybe you do?

Right before Paddesætra we met this waterfall,
and among the rocks below it we found a stone 
looking like it was carved like a heart.
My newly-fallen-in-love sister-in-law and newlywed me took it as a good sign!

By Paddesætra a sign assured us we were on the right track.

Many small streams...

We saw several grand cairns, like this one.

We didn't make it all the way to the cabin at Kalvedalssætra this time, but took a lunchbreak overviewing the beautiful lake Flaadalsvatnet.

We decided to take this hike again, but next time sleep over at the cabin at Kalvedalssætra
(and my sister-in-law probably hopes we'll walk faster then, but I had to take photographs!)

At home waited a well earned shower,
cleaning of clothes + shoes,
 
and we agreed we had a great hike that day!

1 comment: