Thursday, September 27, 2012

Bakarmeister Harepus

Eg har 'alltid' hatt lyst til å vera flink til å baka,
men ikkje kunne fordra all eltinga .. 
.. så då slit eg jo litt!!

 Muffins og scones er supre, for dei er berre til å 'klæsje' saman røra 
og fordela i former/på bakepapir, så er dei klare til steiking,
og det er også veldig fint å laga med t.d. tanteborn på besøk,
som helst vil ha bollane ferdig før me har byrja å laga dei.


Det var nemleg tilfelle med den 2-år gamle niesa vår,
som laga desse scones'ane med meg i sommar.
Ho var veldig flink å røra, og veldig kry då ho kunne få dela med onkel og tante solihjartet, Mormor, Mamma, Pappa og Storesøster.
Oppskrifta fann me hjå Noralill og den kan me anbefala på det sterkaste!
200 grader og 10-15 min i ovnen :)
Veldig gode scones!!

 Men me kan jo ikkje laga scones kvar dag, sjølv om det hadde vore knallgodt!
Nei, litt sunnare bakevarer må inn på menyen i staden,
men så er det jo det med eltefobien min ..
Heldigvis fekk me tilfeldigvis ei brødbakemaskin hjå foreldra mine for ei stund sidan,
som dei hadde fått brukt, men ikkje hatt bruk for sjølve.

Først var det litt tiltakslyst som mangla, for ikkje fulgte verken bruksanvisning eller noko anna med, så dei første vekene sto den berre der, og etter ei stund vart den pakka vekk.
Men så fekk eg jo dette ryddeprosjektet over meg, og då fann eg den fram att.
Eg leita opp bruksanvisningen på nettet, og der sto tilogmed forslag til oppskrifter, 
så då var det berre til å hive seg i gang!!

Første kvelden var det loff, for det var einaste det eg hadde mjøl til. (brødet til høgre på biletet under)
Det gjekk bra, så neste morgon var det ein tur i butikken for å kjøpa havregryn og linfrø til å ha i brød nr 2 (som du ser til venstre på biletet under)


Brød nr 2 var også ein suksess, 
så sidan då har det vore ferske brød i heimen 1-2 dagar i veka :)


Heimelaga brød held seg ikkje gode så lenge som kjøpebrød, så då er det topp at ein kan lage brød i ulik storleik i brødmakemaskina. Me er berre 2, og det er mest solihjartemannen som et brød, så eit lite brød er perfekt til oss.


Det som også er greit, er at ein kan lage hurtigbrød, 
slik at det ikkje tek så lang tid.
Veldig fint program for slike distré fruer som meg .. 


Solihjartemannen synest det er luksus å få servert 
ferske skjever med godt pålegg til lunsj ein laurdag,
og eg får føla meg som ei flink husmor ;)

*

I've 'always' wanted to be good at baking,
but always hated to work the dough .. 
.. which means 'tough luck' for me!

Cupcakes and scones are great, because it's just to 'throw together' the dough and put in cups / on a tray, and then they're ready for the oven,
which means they're super to make together with for example nephews and nieces,
as they usually prefer them to be done even before we've started baking.

This was the deal with our 2-year old niece,
who made these scones with me this summer.
She was very good at stirring the dough together, and very proud when she could share them with uncle and aunt 'solihjartet', Grandma, Mom, Dad and Big Sister.
We found the receipe at Noralill's blog and we strongly recommend it!
200 degrees Celcius and 10-15 minutes in the oven :)
Very tasty scones!!

 But we can't make scones eveyday, even though it would be really great!
No, we should aim for something healthier than pastries,
but then there's that thing with my working-the-dough-phobia ..

Fortunately we were given a breadmaking machine by my parents a while ago,
one they got second-hand, but didn't need themselves.

The first couple of weeks I didn't get any baking done, 
as the machine lacked the manual and some other things, 
and it just stood there, until i finally stowed it away.
Then I got the tidy- and clean-project going, and I took it back into the kitchen.
I found the manual online, which even had receipes,
and I was ready to bake!

 The first evening i made white bread, 
as it was what I had ingredients for (the bread to the right in the third picture)
 This went well, so the nect morning I went to the grocery store 

and bought oatmeal and linseed for bread number 2 (to the left in the third picture)


Bread number 2 was also a success,
and we've had freshly baked breads in our home once or twice a week ever since :)

Homemade bread don't stay fresh as long as store-bough ones, which means it's a great thing the breadmaker can bake different sizes of bread.
We're only 2 in our household, and the smallest bread is perfect for us.

Another great feature is the 'quick bread' programme,
which is bread made in half the time.
A super programme for forgetful housewives like me .. 

Mr Solihjartet loves freshly baked bread with great topping for lunch Saturdays,
and i get to feel like a good housewife ;)

1 comment:

  1. Jummie, scones och färsk bakat bröd är så gott.
    Bra att du inte gav upp och att du hittat lite recepten som du kunde använda till din brödbakmachin.
    Vatten rinner i min mun när jag tittar på dina aptitretande bilder:)
    Jag tyckte att du skrev så fin till mig sist.
    Det där med att du jämförde livet med en såpbubbla.
    Ja man måste verkligen njuta för innan man vet spräcks såpbubblan. Livet är så ohört skörd.
    Tur att vi inte tänker på det hela tiden för annars skulle man alltid oroa sig men att få en tankställare då och då är inte fel.
    Kram fina du.
    Gerda

    ReplyDelete