Saturday, September 1, 2012

August

August har vore regnfull, men også beautiful!
Humlene svermar framleis rundt blomane,
som ikkje vil gje seg med å bløme enno.

Eg har både kunne samla frø til å så neste vår, 
plukka bær til laurdagsgodt 
og funne blomar til å pynta med inne denne månaden.


Kaninen Odin (oppe til venstre) får springe rundt i grønsakshagen,
mens gamlefar Trampe (nede til høgre) får gå (nesten) fritt i hagen om ettermiddagane.

Sidan piggsvinet 'vårt' forsvann i juli, har eg måtte ta opp kampen med sneglane sjølv,
og eg har ikkje sett så mange brunsneglar hjå oss som denne sommaren.
Kanskje fordi piggsvinet forsvann ... 

 

Ein som forsvann i august var kaninen Snøkvit.
Her tok eg bilete av han ein dag han hadde kome seg ut av buret sitt, 
og sprang lukkeleg og fritt omkring i hagen. 
Han var ein roleg og kosete kanin, og lett å fange inn att.

Tre veker etter hadde ein stor hund rive opp buret hans om natta,
og alt eg fann av snille, fine Snøkvit'en min var kun nokre pelsdottar.



 *

August has been rainful, but also beautiful!
The bumblebees still hover around the flowers
which won't quite stop blooming.

I've gathered seeds to sow next spring,
picked berries for weekend snacks
and flowers to decorate with inside this month.

The rabbit Odin (upper left corner in picture number 4) get to run around in the vegetable garden whilst Trampe (Thumper) (lower right corner) gets to run (almost) freely in the yard these afternoons.


 As 'our' hedgehog disappeared in July, I've had to fight the slugs myself,
and I've not seen as many Spanish slugs in our garden as I have this summer.
Probably because the hedgehog disappeared ...

Someone who disappeared in August, was the rabbit Snow White.
The pictures of him were taken one day he had managed 
to break out of his cage and ran happily and freely around the garden. 
He was a calm and cuddly rabbit, and easy to get hold of again.

Three weeks later, a large dog had torn up his cage during the night,
and all I found of my sweet, pretty Snow White, was just a few clots of fur...

1 comment:

  1. Fine bilder:) Jeg syns høst er deilig - særlig når det er slike fine klare dager som vi har her hos oss nå:)

    God helg!

    ReplyDelete