Monday, April 9, 2012

Oppvakninga


Eg fekk meg ei oppvakning denne påska; oppdaga bloggarverda!

Det starta fordi eg ikkje ville låna vekk interiørblada mine, men bestemte meg for å gå gjennom dei og sende bloggadressene eg fann der til ei niese, ei kusine, ei svigerinna og søstra mi, som alle er interiør interesserte. Eg vart jo nyfiken og såg gjennom mange av sidene før eg sendte dei vidare,  og no er eg altså hekta!
Det byrja så uskuldig; eg skulle berre prøva litt, så berre litt til og litt til, og innan eg visste ordet av det, var eg faktisk avhengig! Det er nok også influensaen og den sure, våte delen av påskevèret sin feil at det var nettopp no dette skulle skje meg.

Eg har ein blogg frå før òg då, diktbloggen min mailindikt kor eg legg inn alle dikta mine, men den har eigentleg nesten ingen lesarar, bortsett frå nokre få vener og familiemedlemmar ;) Ikkje det at eg har gjort så mykje for å verta integrert i bloggarverda heller, diktbloggen fungerer mest som eit visingsrom for dikta mine og ikkje så mykje meir.
Men no, etter å ha lest side opp og side ned ein drøss med bloggar og funne stor glede og inspirasjon hjå spesielt Idèmakeriet, Noralill, Mias Interiør og Emmeline, fekk eg så lyst til å prøve sjølv!
Men om andre finn det interessant, vil jo vise seg ...


~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

I had an awakening this Easter; discovering the blogging world!

It started when I didn't want to let anyone borrow my magazines about interior and interior decorating, but instead decided to go through all the mags to find blogadresses to send to my niece, cousin, sister-in-law and sister, who all have the same interest. Of course I got curious and scrolled through many of the blogs before passing them on, and now I'm hooked!
It started with such innocence; I just wanted to try a little bit, then a little bit more and a little bit more, and before I knew it, I was addicted! Of course, the cold (flu) I had and the wet, cold part of the Easter weather are also to blame for this happening.

I do already have a blog, my poetryblog mailindikt, where I post all my poems. It doesn't really have many readers, except from a few friends and familymembers (and it's also in Norwegian..) Not that I've done very much to get involved to the blogging world, the poetryblog is mostly a showroom for the poems I write and not much else.
But now, after reading post after post and blog after blog and found lots of joy and inspiration from especially Idemakeriet, Noralill, Mias Interior and Emmeline, I felt like trying myself!
Time will show if others find it interesting, though...


No comments:

Post a Comment