Wednesday, April 11, 2012

Hanen Håvard


Den forrige hanen vår, Håvard, vart tatt av reven i august 2011.
Han var ein artig hane, som virka litt pysete, men når det gjaldt var han ein tøffing.

Eg er ikkje så god på hønserasar, men dei hønsene me har er vel italienarar, mens hanen var ein mindre rase. 
Naboane har også høns, og då me hadde Håvard, hadde dei ein stor hane som heitte Nicky, som Håvard nok var irritert på (berre fordi han var der). Håvard prøvde fleire gongar å banke Nicky'en, men måtte tilslutt innsjå at han ikkje vann over han. 
Det han då gjorde, var å pile over til nabohagen når Nicky var ute av sikte; pare seg med alle hønsene hans og pile tilbake. Då var han stolt (som ein hane) over det han hadde gjort, og gol av full hals. Nokre gongar kom Nicky overraskande på Håvard mens han forførde nabohønsene, og han var ganske blodig når han kom heimatt.

I august 2011 var reven ute med rompa så lang, og skulle læra ungane sine å jakta. To av hønsene klarte reven å ta før Håvard fekk stoppa han, men han miste sjølv livet.
Naboane miste også nokre høns.

Etter denne hendinga skreiv eg dette diktet:

HANEN

Reven han er meg ein frekkas te kar,
han tok to av hønsene mine!
Ja, tilogmed tok reven Hanefar
då han verja tippene sine

Hanen, han kjempa med nebb og med klør,
han gjorde nok alt det han makta
men att ned’ på plenen der låg det kun fjør
då reven var ferdig med jakta.

Sju sjokkskada høns sit på vaglen i natt,
og saknar sin modige hane
som redda dei sju, men så sjølv vart han tatt
då søstrene møtte si bane.

Ein hane kan briska og gjera seg til,
i det stoltaste gjel kan han rive;
men om nokon mot hønene ikkje er snill,
ja, då ofrar han gladeleg livet!



Håvard - ein modig hane / Haavard - a brave rooster





Our last rooster, Haavard, was taken by a fox August 2011.
He was a funny rooster, who seemed quite chicken, but was brave when it mattered.

I'm not good at naming chicken breeds, but I think ours are called italians, while this rooster was a smaller breed.
Our neighbours also have chickens, and when we had Haavard, they had a huge rooster named Nicky, which seemed to annoy him (by just being there). 
Haavard tried several times to beat up Nicky, but had to finally realize he couldn't take him down. Instead he ran over to the neighbour's yard when Nicky was out of sight, mated with all his hens and ran back home. He'd be proud (as a rooster) by his achievement and crow loudly. Some times the Nicky would surprise Haavard while he seduced the neighbour hens, and would return quite bloody and beaten.

In August 2011 the fox was out teaching its cubs to hunt. The foxes managed to take two of our hens before Haavard stopped them, but lost his life doing so.
The neighbours also lost some hens to these foxes.

After this, I wrote a poem about Haavard the Rooster. I've tried to translate to English, bug I beg your forgiveness for not being able to make it rhyme very well ... at all...
But, you get the idea...
:


THE ROOSTER

The fox is such a naughty guy,
taking two of my hens!
He even took Daddy Rooster
When he defended his dames

The Rooster fought with beak and claws,
He did everything he could
but left on the lawn all we found were feathers
when the fox had finished his hunt

Seven traumatized hens sit in their house tonight
missing their brave, brave rooster
who saved the seven of them, but got himself caught
when their sisters met their fate.

A rooster can be cocky and make big fuzz,
and utter the proudest of crows;
but if anyone treat the chickens badly,
he'll give his own life, gladly!


2 comments:

  1. Vilken härlig historia, jag ser hannen framför mig som stolt parar sig med grannens hönor.
    Synd att räven dök upp och tog honom.
    Kram Gerda

    ReplyDelete
  2. Så kjekt å finne ein ny blogg! Kjekt å helse på deg...flott dikt!

    Fin laurdag til deg.

    ReplyDelete