Tuesday, April 10, 2012

Ruging

Me held på å ruge ut kyllingar, og no er det rett før dei skal klekka ut!
Det vil sei, viss me har fått det til, då!
Hadde eigentleg planlagd å få dei utklekka til påske, men eg trudde påska kom seinare i april, så det vart ikkje klart. Gler meg til å dela opplevinga med tanteungane mine!

Me må også byta ut hanen vår, så me håpar på hanekyllingar, og svigermorfar seier at kyllingar som vert ruga ut før 1. juni vert oftast hanekyllingar, så me får håpe det stemmer.

Hanen vår er for så vidt ein flink og plinkoppfyllande hane, men det er 2 ting matmor ikkje set stor pris på: 

1. Han er farleg nærgåande når det er born på besøk, og verkar faktisk trugande på dei
2. Han hakkar/jagar på eine høna. 

At høns driv med mobbing og hakking er jo eigentleg normalt, men dette skjedde faktisk ikkje før denne hanen kom i flokken, og sidan matmor har særskild lite til overs for mobbarar, så ligg denne hanen altså ganske tynt an.

Sidan eg ikkje er 100% nøgd med vår noverande hane, saknar eg den forrige hanen endå meir enn før. Eg skal skriva om  han seinare.

På biletet ser du rugemaskina med egga me vonar vil verta til kyllingar! 





We're hatching eggs, and there are only a few days left before they (hopefully) hatch!
I had planned to have them hatched by Easter, but as I believed Easter came later this April, I didn't get the eggs ready in time. Am looking forward to share this with my nieces and nephews!

We have to replace our rooster, so we're hoping for rooster chickens. Grandpa-in-law tells me that eggs hatched before June 1st will mostly become roosters, and we hope it's right.

Our rooster is by many means a good rooster, but there are 2 things about him I don't like: 
1. He gets too close to visiting children, and in an aggressive way
2. He's bullying one of the hens. 

Bullying is normal in the chicken world, but this didn't occur before this rooster joined the pack. Since I'm in no favour of bullies, the rooster is in big trouble.

As I'm not 100% content with our current rooster, I miss the last one even more. 
I'll write about him later. 


The photograph show the hatching machine with the eggs we're hoping will give us baby chickens! 

No comments:

Post a Comment